BRL103 Friluftsliv og naturguiding I
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Gjennom teoretisk og praktisk undervisning skal studentane tileigne seg basiskunnskap om friluftsliv. I friluftslivsundervisninga blir det lagt vekt på basisfriluftsliv som turplanlegging, orientering, leirliv og bruk av utstyr samt kjennskap om ferdsel på bre, kajakkpadling, livredning i vann med HLR prøve og naturkjennskap.
Undervisninga i naturkjennskap er gjennomgåande og føregår både i praktisk undervisning ute i felt og teoretisk. Naturkjennskap er delt i tre delar. I vegetasjonslæra blir det fokusert på kva som veks i dei ulike vegetasjonssonene i naturen samt kunnskap om enkelte planter, tre, lav og mosar. I geologien legg ein vekt på landskapsutvikling og landformer i Noreg, indre og ytre geologiske prosesser. Den siste delen, glasiologi, omhandlar kunnskap om brear og bretypar.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten:
- Kunnskap om friluftsliv og naturbasert reiseliv som kulturelle fenomen i dag og i et historisk perspektiv.
- Kjennskap til naturguiding og gruppeprosessar i naturen.
- Kunnskap om grunnleggande friluftsliv som kjenneteiknar nærmiljøet i regionen, t.d. i fjell og på fjorden.
- Grunnleggande naturkjennskap. Vegetasjonslære, geologi og glasiologi.
- Grunnleggande forståing for korleis menneske har vore med å forma kulturlandskapet.
Etter fullført emne kan/har studenten:
- Grunnleggande ferdigheter i friluftsliv som turplanlegging, orientering, leirliv, mat på tur, førstehjelp og bruk av utstyr.
- Grunnleggande ferdigheter knytt til fleirdagarsturer i skogen og på fjellet, kajakkpadling, ferdsel på bre.
- Bruke grunnleggande friluftsliv og naturkjennskap inn i rolla som naturguide.
- Praktiske erfaringar med gruppeprosessar og korleis desse verkar inn på læring og opplevingar.
Generell kompetanse:
- Kjennskap og erfaringar med Norske friluftslivstradisjonar og prinsippet om tur etter evne.
- Kritisk refleksjon rundt korleis naturen vert nytta både i høve til ikkje-kommersielle og kommersielle aktivitetar.
- Reflektere over samanhengar mellom mestring, samhandling, læring og opplevingar.
- Kjennskap til bruk av fagblogg som digitalt læringsverktøy.
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen
Undervisnings- og læringsformer
Ekskursjonar med 1-4 dagar varighet, førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Lærestoffet skal så langt som råd bli integrert og erfart i den praktiske undervisninga. Blogg blir brukt i samband med ekskursjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Gjennomføre og bestå ekskursjonane
- Obligatorisk oppmøte til all praktisk undervisning
- Studentane skal levere fagblogg etter kvar tur
- Gjennomført livredning i vann og HLR i felt
Vurderingsform
Individuell skriftleg skuleeksamen, 5 timar. Gradert karakter (A - F).