BRL105 Friluftsliv og naturguiding vinter I
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Gjennom teori og ekskursjonar skal studentane tileigne seg grunnleggande kunnskap og erfaring knytt til trygg ferdsel og opphald i naturen vinterstid, ofte med ski på beina. I denne første delen av emnet held vi oss hovudsakeleg under tregrensa, medan vi beveger oss opp i fjellet i del II.
Under ekskursjonane arbeider vi med å skape trivsel i gruppa gjennom gode leir- og ferdselsrutinar, bruk av vinterbål og vekt på aktivitetar som styrker samhaldet i gruppa. Under temaet førstehjelp blir det arbeida med ulike skader/sjukdommar/generell nedkjøling som kan oppstå i friluftslivssamanheng. Kartforståing, bruk av kompass og enkel bruk av GPS som verktøy med forståing av kartkoordinatar er også sentralt i emnet.
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten:
- Kunnskap om tradisjonelt (nordisk) vinterfriluftsliv
- Kunnskap om leirliv, mat, ferdselsmønster og rutinar i naturen vinterstid
- Kunnskap om spesielle risikomoment om vinteren, til dømes kulde og faren for snøskred.
Etter fullført emne kan studenten:
- Planlegge og gjennomføre trygge turar vinterstid med fokus på læring og trivsel.
- Orientering i vinterfjellet både ved hjelp av kart, kompass og GPS.
- Gjenkjenne skredterreng, og planlegge trygge skiturer.
- Bruke relevant utstyr, etablere gode leirplasser, rutiner for god ferdsel.
- Overnatte i telt og i snøen både som del av ferdsel over fleire dager og som nødbivuakk.
Generell kompetanse:
- Kunne vurdere sikkerhet i naturen vinterstid
- Kritisk reflektere rundt korleis ein kan skape gode naturopplevingar for grupper vinterstid
- Kjennskap til bruk av fagblogg som digitalt læringsverktøy.
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Noko teori vil bli formidla som førelesningar, men undervisnings og læringsformene i dette emnet vil i stor grad gå føre seg utandørs og knytast til praktisk erfaring. Fagblogg blir brukt i samband med ekskursjonar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Gjennomføre og bestå ekskursjonane
- Studentane skal levere fagblogg etter kvar tur
Vurderingsform
Individuell, munnleg eksamen, gradert karakter (A - F).
Eksamen er delt i emna vinterfriluftsliv, førstehjelp og orientering, der alle emner må vere bestått.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel