BS5-201 Kommunalt barnevern
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Målet med emnet er at studenten tileignar seg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse som er relevant for arbeid i det kommunale barnevernet. Emnet er sett saman av faga barnevern- og sosialfagleg arbeid, juss og psykologi. Studentane skal i dette emnet ha tverrprofesjonell samarbeidslæring saman med barnehagelærarutdanninga.
Læringsutbytte
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:
Kunnskap:
- kunnskap om tilknyting og resiliens og kan bruke desse perspektiva i arbeid med barn, unge og familiar
- kunnskap om kva konsekvensar det kan ha for barn å leve i utsette livssituasjonar, og analysere og diskutere dette ut frå eit barneperspektiv
- kunnskap om barnevernsarbeid i etnisk og kulturelt mangfald
- kunnskap om rettsreglane for enkeltsaker etter lov om barnevernstenester og dei prinsippa lova byggjer på
- kunnskap om sakshandsaming etter lov om barnevernstenester og kan utarbeide dokument som vert nytta i det kommunale barnevernet
- kunnskap om barnevernstenesta sitt arbeid med plassering utanfor heimen, oppfylgjing og ettervern av barn og ungdom
Ferdigheiter:
- analysere utviklingsstøttande samspel og samspelsvanskar mellom barn og foreldre
- kunnskap om barnesamtalar med avdekkande fomål og ferdigheiter i dette
Generell kompetanse:
- utøve fagleg skjønn for å treffe og grunngje barnevernfaglege avgjerder etter lov om barnevernstenester
Krav til forkunnskapar
Alle emne fra første studieåret må være bestått før ein kan framstille seg til eksamen. Ein må ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet BVP5-2015 Kommunikasjonskompetanse, ungdom og marginalisering og emnet SOS5-204 Sosialt arbeid - normalitet og avvik
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta ulike undervisnings- og læringsformer i emnet: Førelesingar, seminar, arbeid i grupper, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, ferdigheitstrening, digitale verktøy, rollespel.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Delta i gruppearbeid, ferdigheitstrening og undervisning knytt til dette.
- Delta i arbeid kring fylkesnemnd-rollespel og gjennomføring av dette.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen. Det er forventa at studenten kan bruke relevant kunnskap frå tidlegare emne i studiet.
Bokstavkarakterar.