BØ6-1001 Finansrekneskap 1
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
- rekneskap som informasjonskjelde
- innføring i bokføring og årsavslutting av eit årsrekneskap
- bokføring som ein prosess frå; inngåande balanse, posteringar, oppsett av råbalanse, overføring til saldobalanse og tabellarisk avslutning
- periodisering som sentralt omgrep ved avslutning av rekneskap
- rekneskapsanalyse med nøkkeltal og fokus på samanhengen mellom resultat og balanse i eit aksjeselskap eller i eit personleg føretak
Læringsutbytte
Etter fullført emne kan/har studenten:
- grunnleggjande kunnskapar om føremålet med, og bokføring av, eit finansrekneskap
- bokføre vanlege transaksjonar, til dømes meirverdiavgift
- gjere greie for omgrep som utgifter, kostnader, utbetaling, inntekter og innbetalingar
- periodisere inntekter og kostnader inkludert løn, feriepengar og arbeidsgjevaravgift
- kjennskap til standard kontoplan
- forstå samanhengen mellom ein transaksjon og transaksjonen sin verknad på balansen
- setje opp resultat og balanse i samsvar med rekneskapslova
- kjennskap til grunnleggjande rekneskapsprinsipp
- føreta rekneskapsanalyse og vurdere resultat og balanse, og dessutan kjenne til sentrale nøkkeltal
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåveseminar
Obligatorisk læringsaktivitet
Inntil to skriftlege arbeidskrav.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Programmerbar kalkulator, lovsamling eller utskrift frå Lovdata.
Meir om hjelpemiddel