Hopp til innhald

BØ6-1003 Økonomistyring i bedrifter

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

  • driftsrekneskap basert på normalkost og standardkost
  • kostnads-, resultat- og volumanalysar
  • aktivitetsbasert kalkulasjon
  • budsjetteringsprosessen, her medrekna likviditets-, resultat- og balansebudsjett og fleksibelt budsjett
  • løyse ulike beslutningsproblem
  • verktøy for planlegging, oppfølging og kontroll

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan studenten

  • forstå tankegangen ved normalkalkulasjon og kjenne føresetnadene og formålet med driftsrekneskap basert på normalkost
  • utføre kalkulasjon etter standardkostmetoden, kunne aktivitetskorrigere verksemda sine budsjett og kjenne hovudprinsippa for utarbeiding av driftsrekneskap basert på standardkostmetoden, her medrekna fleksibelt budsjett
  • forklare resultatverknad av behaldningsendring
  • gjennomføre kostnads-, resultat- og volumanalysar
  • forklare årsaker til avvik og føreslå tiltak
  • utarbeide kalkylar som er baserte på aktivitetsbasert kalkulasjon
  • drøfte formål med budsjettering og utarbeide hovudbudsjett for likviditet, resultat og balanse, og dessutan kjenne til korleis budsjettprosessen kan organiserast
  • bruke interne styringsdata til å leie eit føretak
  • forklare nyare idear og verktøy for planlegging, oppfølging og kontroll
  • stille kritiske spørsmål og reflektere over sentrale føresetnader innanfor den økonomiske styringa av verksemda
  • identifisere beslutningsrelevante kostnader og inntekter, og løyse ulike beslutningsproblem

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar BØ6-1000 Innføring i bedriftsøkonomi og BØ6-1001 Finansrekneskap 1 eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveseminar

Obligatorisk læringsaktivitet

Inntil to skriftlege arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i gruppe.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Programmerbar kalkulator

Meir om hjelpemiddel