BØ6-2000 Finansrekneskap 2
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
- Grunnleggjande rekneskapsteori og måling av dei viktigaste rekneskapspostane
- Grunnleggjande rekneskapsprinsipp og god rekneskapsskikk
- Skattegjeld og skattekostnad
- Kontantstraumoppstilling
- Hovudelement og utvikling innanfor norske og internasjonale rekneskapsreglar, det vil seia IFRS-reglane
- Konsernrekneskap
Læringsutbytte
Etter fullført emne har/kan studenten:
- Kunnskap om innrekning og måling av dei viktigaste rekneskapspostane og grunnleggjande rekneskapsprinsipp
- Kunnskap om å utarbeide eit enkelt konsernrekneskap
- Utarbeide kontantstraumoppstilling
- Kunnskap om resultat- og balanseorientering
- Kunnskap om det konseptuelle rammeverket til IFRS (International Financial Reporting Standards)
- Forståing for og evne til å reflektere omkring internasjonal rekneskapsutvikling og god rekneskapsskikk
- Sentrale skilnader mellom rekneskap/skattereglar
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar: Finansrekneskap 1 (BØ6-1001) eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåveseminar
Obligatorisk læringsaktivitet
Inntil to arbeidskrav
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Programmerbar kalkulator, lovsamling eller utskrift frå Lovdata
Meir om hjelpemiddel