BØ6-2002 Verksemdorganisering-og rekneskapsførarregelverket
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
- Gjennomgong av god rekneskapsføringsskikk
- Gjennomgong av regelverket knytt til styret, dagleg leiar og revisor sitt ansvar knytt til ei verksemd
- Gjennomgå selskapet sine rutinar knytt til mellom anna sal og innkjøp/lager
- Intern kontroll og interne rekneskapsmessige kontrolltiltak (COSO-modellen)
- Formelle rammebetingelsar i tilknyting til rekneskapet
- Praktisk bruk av IT-basert rekneskapsprogram
Læringsutbytte
Etter fullført emne har studenten:
- Kjennskap til reglar som regulerer rettar og pliktar for autoriserte rekneskapsførarar
- Kjennskap til god rekneskapsføringsskikk og det etiske regelverket for rekneskapsførarar
- Kunnskap om risikoregelverket og kvitvaskingsregelverket
- Kjennskap til styret, dagleg leiar og revisor si rolle og ansvar knytt til ei verksemd
- Kjennskap til dei mest sentrale rutinane i ei verksemd
- Kjennskap til intern kontroll
- Kjennskap til krav om tryggleik og kontrollar i IKT-systemet
- Kunnskap om dei grunnleggjande bokføringsprinsipp i bokføringslova og god bokføringskikk
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar: Finansrekneskap 1 (BØ6-1001) eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesing og oppgåveseminar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Eit skriftleg arbeidskrav.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen på 4 timar. Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovsamling eller utskrift frå Lovdata
Meir om hjelpemiddel