EM6-1001 Praktisk eigendomsmekling 1
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
- eigedomsmeklaren si rolle, oppgåver og ansvar
- etikk og god meklarskikk
- eigarformer og leigeforhold
- finansiering av bustad
- gjennomføring av salsoppdrag for bruktbustader
- marknadsføring av bustader
- bodgjeving
- kontraktsskriving
Læringsutbytte
Etter fullført emne kan studenten
- gjere greie for eigedomsmeklaren si rolle, arbeidsoppgåver og ansvar overfor forhold til kundar, publikum, offentlege styresmakter og eigedomsmeklarbransjen
- ha kunnskap om eigedomsmeklarrett
- gjere greie for kva som ligg i omgrepet "god meklarskikk"
- både forstå og bruke dei etiske reglane som gjeld for eigedomsmeklaren
- vere i stand til å gjennomføre alle delar av eit ordinært meklaroppdrag for ulike typar bruktbustader
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet vil bli gjennomført som førelesingar med gjennomgang av teori illustrert med praktiske eksempel. Det er nødvendig med aktivt sjølvstudium (studiebok) og eiga førebuing til oppgåver som skal drøftast i plenum. Fronter blir brukt til utlegging av lysark, oppgåver og løysingsforslag og til innlevering av arbeidskrav.
Det er obligatorisk studietur i EM6-1001 Praktisk eigedomsmekling 1. Studentane må rekne med ei eigenbetaling for delar av ekskursjonen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt oppgåvesett. Individuell oppgåve.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Lovsamling eller sætrykk av lover, og dessutan NEF si handbok.
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- EM6-100 - Praktisk eiendomsmegling 1 - Reduksjon: 5,5 studiepoeng