Hopp til innhald

EM6-2000 Jus for eigendomsmeglarar 2

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet dekkjer følgjande juridiske emne: juridisk metode, rettsforhold for fast eigedom, sal av brukt bustad, miljørett, ekspropriasjon, odel, konsesjon, tinglysing og eigedomsmeklarrett.

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan studenten:

  • Gjere bruk av grunnleggjande reglar om miljørett, ekspropriasjonsrett, odel og konsesjon
  • ha ei djupare forståing for reglane om sal av brukt bustad (§§ 3-7 til 3-9 i avhendingslova) og reglane om tinglysing, rettsforholda for fast eigedom og eigedomsmeklarlova
  • svare på spørsmål frå kundar som gjeld ulike problemstillingar knytte til fagområda ovanfor; er det for eksempel konsesjonsplikt?
  • fylle ut skjema som skøyte- og konsesjonsskjema
  • vite når ein skal overlate eit spørsmål til juridisk ekspertise
  • ha oversikt over og forstå dei ulike problemstillingane som ein meklar kan kome borti i sitt daglege virke

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde kunnskapar: Jus for eigedomsmeklarar 1 eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåver. Oppgåvegjennomgang i plenum.

Obligatorisk læringsaktivitet

Emnet har inntil tre arbeidskrav som må vere greidde for å kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Norges lover, "Lov og rett for næringslivet" , særtrykk av lovene, utskrift av lover frå www.lovdata.no

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • JU6-201 - Jus for eiendomsmeglere 2 - Reduksjon: 5,5 studiepoeng