EVL-NORSK315 Norsk 2 5-10 - Norsk på ungdomssteget 1: Historisk perspektiv
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Norsk 2 5-10 er eit samlingsbasert vidareutdanningstilbod som byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga, og er delt i to emne på 15 studiepoeng kvar. Emne 2A går om hausten, og emne 2B går våren. Studiet har fokus på emne som høver for dei som skal undervisa på 5.-10. trinn. Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk. For fritak, sjå forskrift § 5.
Norsk 2A dreier seg om tale og skrift, utviklinga frå ein munnleg til ein skriftleg tekstkultur, og skule- og faghistorie. Sentralt i studiet er samanhengen mellom språk og tekst i fortid og samtid. Studentane skal få utvida, forskingsbasert innsikt i korleis språket har utvikla seg og framleis utviklar seg. Det blir lagt vekt på litteraturteori, teksthistorie, språkhistorie og barnelitteraturhistorie. To didaktiske hovudområde er munnleg kommunikasjon og den vidare leseopplæringa. Kulturomgrepet står sentralt, og arbeidet med tekstar har som siktemål å øva opp analytisk og kritisk lesing. Det blir lagt vekt på praktisk arbeid med og utprøving av metodar i leseopplæring. Studentane skal utføra eit sjølvstendig arbeid med eit fagdidaktisk emne.
- Tale og skrift, munnleg kultur og skriftkultur
- Språk i historisk perspektiv og språkleg normering
- Skjønnlitteratur og sakprosa i historisk perspektiv
- Tekstlesing og tekstformidling
- Dei grunnleggjande ferdigheitene lesing og det munnlege
- Arbeid med fagdidaktisk semesteroppgåve
Læringsutbytte
Studenten
- har kunnskapar om skilnader på tale og skrift, og kva som kjenneteiknar den munnlege kulturen og skriftkulturen
- har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår, og om skule- og faghistorie
- har kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for barn og vaksne i historisk perspektiv
- har kunnskapar om ulike teoretiske perspektiv og retningar i arbeidet med å forstå litteratur
- har kunnskapar om vidare leseopplæring, lesestrategiar og lesemetodar
- har kunnskapar om dei grunnleggjande ferdigheitene munnleg kommunikasjon og lesing norskfaget og i andre fag
- har kunnskapar om språkhistorie og om språklege endringsprosessar i fortid og samtid
- har kunnskapar om språkleg normering av både bokmål og nynorsk frå 1800-talet til i dag
Studenten
- kan lesa, analysera, tolka og samanlikna tekstar skrivne for born, ungdom og vaksne med omsyn til innhald, form og funksjon, sjå dei i eit historisk perspektiv og setja dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
- kan analysera tekstar med omsyn til språklege trekk knytt til historiske endringsprosessar og normering av skriftspråket
- har utvida innsikt i korleis barn og unge kan motiverast til lesing og vidareutvikla leseforståing og bruk av lesestrategiar
- kan rettleia og vurdera elevar sin produksjon av munnlege tekstar
- kan sjølv bruka, og rettleia elevar i bruk av, litteraturfagleg kjeldemateriale
- kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
- kan vurdera språkhistoria si vektlegging i læreplan og i læreverk og førebu undervisning i språklege emne
Studenten
- kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
- kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
- kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati
Krav til forkunnskapar
(emne studentane ha bestått):
Fullført lærarutdanning. Bestått Norsk 1, 5-10 eller tilsvarande
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsformer:
Studiet har 3 samlingar pr semester i inntil 3 dagar. Det vert lagt til rette for fagleg samarbeid på samlingane.Bruk av øvingsrom. Kommunikasjon og aktivitet vil skje digitalt utanom samlingane. Studentane arbeider med faglege og didaktiske oppgåver knytt til fagstoffet mellom samlingane. Ein sentral del av arbeidet vil vera knytt til eigen undervisningspraksis/eigne praksiserfaringar. Vurderinga i studia vil bli gitt som obligatoriske munnlege og skriftlege studiekrav undervegs, og avsluttande vurdering i form av semesteroppgåve og heimeeksamen.
Obligatorisk læringsaktivitet
Skriftlege og munnlege oppgåver
Vurderingsform
- Heimeeksamen
- Prosjektoppgåve
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel