Hopp til innhald

EVL-NORSK415 Norsk 2 5-10 - Norsk på ungdomssteget 2: Språkmangfald og tekstmangfald

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Norsk 2 5-10 er eit samlingsbasert vidareutdanningstilbod som byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga, og er delt i to emne på 15 studiepoeng kvar. Emne 2A går om hausten, og emne 2B går våren. Studiet har fokus på emne som høver for dei som skal undervisa på 5.-10. trinn. Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk. For fritak, sjå forskrift § 5.

 

I norsk 2B held ein fram med litteraturhistorie for 1900-talet. Dette kurset har elles fokus på samansette tekstar og skriveopplæringa. Studentane skal få innsikt i skriveteoriar og skriving som ein grunnleggjande ferdigheit i alle fag. Sakteksten og argumentasjon som ein viktig delferdigheit i skriving, vil vera vektlagt, og studentane skal få opplæring i skrivedidaktikk og skal prøva ut dette i eigen praksis. Studentane skal også analysera og vurdera samansette tekstar, og arbeidet med desse tekstane vil resultera i ei tekstmappe til bruk på munnleg eksamen. Det norske samfunnet er i ein multikulturell situasjon, og språket vårt og språkopplæringa er i endring. I tråd med dette vil norsk som andrespråk, dialektar og sosiolingvistikk også vera viktige emne.

 

  • Samansette tekstar
  • Talemålsvariasjon, sosiolektar og ungdomsspråk
  • Norsk som andrespråk
  • Lesing og skriving i historisk perspektiv
  • Vidareutvikling av elevars skriveferdigheiter
  • Litteratur etter 1900
  • Skriving i alle fag
  • Digitale ferdigheiter og rekning i norskfaget 

Læringsutbytte

Studenten

  • har god litteraturhistorisk oversikt og kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa etter 1900 og kjennskap til teoriar om samansette tekstar
  • har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk og historiske og lingvistiske endringsprosessar
  • har kjennskap til språk som ungdom bruker
  • har kunnskapar om andrespråkslæring
  • har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
  • har kunnskapar om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • har kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)

Studenten

  • kan lesa, analysera, tolka og samanlikna tekstar skrivne for born, ungdom og vaksne med omsyn til innhald, form og funksjon, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
  • kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
  • kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering
  • kan leggje til rette og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane
  • kan planleggje tilpassa undervisning til andrespråkseleven
  • kan skapa gode haldingar til språkleg variasjon i ein multikulturell kontekst
  • kan rettleie elevar i ulike former for munnleg og skriftleg argumentasjon
  • kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering

Studenten

  • kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
  • kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Studiet har 2-3 samlingar kvart semester i inntil 3 dagar. Det vert lagt til rette for fagleg samarbeid på samlingane. Kommunikasjon og aktivitet vil skje digitalt utanom samlingane. Studentane arbeider med faglege og didaktiske oppgåver knytt til fagstoffet mellom samlingane. Ein sentral del av arbeidet vil vera knytt til eigen undervisningspraksis/eigne praksiserfaringar. Vurderinga i studiet vil bli gitt som obligatoriske munnlege og skriftlege studiekrav undervegs, og avsluttande vurdering i form av munnleg eksamen og heimeeksamen.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatoriske oppgåver

Vurderingsform

  • Heimeeksamenn på nynorsk
  • Munnleg eksamen

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle

Meir om hjelpemiddel