Hopp til innhald

FE401 Miljø- og energipolitikk

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i dei viktigaste miljøpolitiske diskursane og ei innføring i metodar for analyse av miljøkonsekvensar av tekniske system og produkt, med hovudvekt på konsekvensanalyse, livssyklusanalyse og økologisk fotavtrykk Emnet gir ei oversikt over politiske verkemiddel og krav som stimulerer til auka produksjon og bruk av fornybar energi i Noreg.

Emnet gir ein historisk gjennomgang av norsk miljø- og energipolitikk, og det blir lagt vekt på å forstå utviklinga og bakgrunnen for dagens system. Det blir også gitt ein gjennomgang av dei viktigaste aktørane og elementa i den internasjonale energipolitikken. Emnet gir ei grundig innføring i konsesjonsprosessen for energianlegg slik den er forankra i lovverket og praktisk gjennomføring av denne prosessen ut frå krav sett i utgreiingsprogrammet. Det vil også bli gitt ei innføring i bruk av kvalitativ metode, spesielt intervju, til bruk i arbeid med prosjektoppgåva.

Læringsutbytte

  • kjenne til dei viktigaste miljøpolitiske diskursane
  • kjenne til dei mest vanlege metodane for miljøkonsekvensanalyse, og vurdere desse i forhold til miljø og berekraft
  • kjenne til dei viktigaste aktørane og verkemiddela i nasjonal og internasjonal energipolitikk
  • kjenne til dei viktigaste verkemiddela for å stimulere til auka produksjon og bruk av fornybar energi
  • kjenne til innhaldet i og framgangsmåten for å søkje om konsesjon for energianlegg
  • kjenne til ulike typar trykte og digitale kjelder og sentrale norske fagdatabasar

  • Kunne utforme en konsesjonssøknad for energianlegg
  • Kunne gjennomføre miljøkonsekvensanalyse for energianlegg
  • Kunne nytte intervju og dokumentanalyse i prosjektoppgåva
  • Kunne søkje og finne fram aktuell fagleg litteratur i sentrale norske ressursar

  • Ha grunnleggande kompetanse om dei viktigaste miljøpolitiske diskursane, energi- og miljøpolitiske verkemidlar og dei mest vanlege metodane for miljøkonsekvensanalyse.
  • Kunne gjennomføre og sende inn konsesjonssøknad for energianlegg.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, gjesteforelesingar, seminar, gruppearbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

Innlevering av to skriftlege arbeid (2 studentar kan arbeide saman)

Deltaking på ekskursjonar.

Vurderingsform

PR Prosjektoppgåve (gruppe på 2-5 studentar). Bokstavkarakter