GE486 Glasialgeologi
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Det vert gitt ei innføring i Kvartærperioden (dei siste 2,588 mill. år), der vi ser på korleis isskjold og brear over heile verda byggjer seg opp og smeltar vekk som følgje av klima variasjonar, og korleis landet og havnivået har endra seg. Vi ser på korleis brear verkar (glasiologi), og korleis dei endrar landskapet (glasialgeologi). Det vert gitt ein kort introduksjon til permafrost og andre geomorfologiske prosessar i kalde område.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten have opnået:
- Forstå og kjenne til korleis landet og havet har endra seg gjennom Kvartærperioden; Ha god forståing og kunnskap om brear og ulike bretypar; og ha god kjennskap til korleis breane har forma landet vårt.
- Kunne ta seg fram over ein bre.
- Forstå og kjenne til glasiale landskapsformer og sedimentære avsetningar.
Krav til forkunnskapar
Emnet byggjer på:
GE-406 Geologi grunnkurs
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, feltarbeid og ekskursjon
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjende brekurs og journalar frå feltarbeid og ekskursjonar
Deltaking på ekskursjonar.
Vurderingsform
GE486 MU Munnleg eksamen med førebuing. Bokstavkarakter