Hopp til innhald

JU5-100 Examen facultatum (juridisk forprøve)

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Examen facultatum, juridisk forprøve, er ein introduksjon til jusstudiet. Emnet tek mellom anna føre seg grunnleggjande idear, prinsipp og verdigrunnlag som kjenneteiknar ein rettsstat, korleis retten hentar sin legitimitet frå samfunnet, kva som er eit rettssystem og korleis det er bygd opp i Noreg, innføring i juridisk metode, korleis ein løyser juridiske problemstillingar og korleis rettsutviklinga i samfunnet kan knytast til prinsipielle problemstillingar. Ein viktig del av emnet er også å få trening i å drøfte problemstillingane som emnet tek opp på ein sjølvstendig, nyansert og balansert måte skriftleg og munnleg. Emnet gjev også innføring i korleis ein søkjer juridisk kunnskap på eiga hand både elektronisk og via bibliotek.

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan studenten:

  • forstå tilhøvet mellom rett og samfunn prinsipiellt
  • gjere greie for dei sentrale institusjonane i det norske rettssystemet
  • forklare samanhengen mellom norsk og internasjonal rett
  • gjere greie for rettsstaten sin idé, sentrale prinsipp og verdigrunnlag
  • gjere greie for korleis retten fungerer i eit samfunn
  • forstå internasjonaliseringa sine utfordringar i rettsstaten
  • gjere greie for kva som kjenneteiknar rettsanvendelse
  • drøfte prinsipielle sider knytt til rettsutviklinga i eit samfunn
  • drøfte spørsmål knytt til retten sin legitimitet, og kunne formidle denne forståinga på ein sjølvstendig, balansert og nyansert måte, både munnleg og i ei strukturert skriftlig framstilling
  • gjere greie for grunnleggjande juridisk metode
  • forklare kva eit rettsspørsmål er
  • søkje etter juridisk kunnskap på eiga hand, elektronisk og gjennom bruk av bibliotek
  • bidra aktivt i diskusjonar om samspelet mellom rett og samfunn.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminargrupper, arbeidsgrupper, løysing av oppgåver og framlegging av oppgåve på seminar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Minst 80% samla deltaking på seminar og arbeidsgrupper

2 skriftleg oppgåver, individuelt arbeid

Lage og levere inn disposisjon til ei seminaroppgåve, individuelt arbeid

Munnleg presentasjon av eit emne på seminarsamling, individuelt arbeid

Presentere eit svar på seminaroppgåve i gruppesamling

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 2 timar. Emnet vert vurdert som greidd/ikkje greidd.

Hjelpemiddel ved eksamen

Ingen

Meir om hjelpemiddel