Hopp til innhald

JU5-103 Kontraktsrett

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Kontraktsretten er læra om når og i kva omfang ein kan binde seg sjølv ved avtale til å til dømes betale pengar, levere ei vare eller yte ei teneste. Høve til å binde seg ved avtale følgjer av at vi har privat autonomi. Reglane om privat autonomi er ikkje lovfesta, men å binde seg ved avtale kvilar på og er ein konsekvens av den private autonomien. Normalt binder ein seg ved avtale ved at ein stiller vilkår, som til dømes levering av varer mot pengar. Men det er og høve til å binde seg utan vilkår ved til dømes gåveløfte slik ein gjer det når ein gjev pengar til humanitære føremål. Det sentrale i kontraktsretten er difor å slå fast når ein har tilplikta seg rettsleg (inngått ein avtale) og viss ein har det, så kva innhald og verknader avtalen skal ha.

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan studenten:

  • analysere og forstå dei rettsreglane og prinsippa som ein må nytte for å kunne ta stilling til om ein person er bunden av ein kontrakt, og serleg det som er knytt til sjølve inngåinga av avtalen
  • analysere og forstå dei rettsreglar og prinsipp som ein må nytte for å fastleggje innhaldet i ei bindande fråsegn i kontrakt (avtaletolking)
  • analysere og forstå dei rettsreglar og prinsipp ein må nytte for avgjøre om ei bindande fråsegn i ei kontrakt er ugyldig, særleg med omsyn til reglane om rettsleg handleevne (habilitet), andre manglar på det tidspunkt avtalen vart til (falsk, tvang, svik, urettvise handlingar og liknande), lovstrid og liknande reglar som ikkje kan fråvikast ved avtale
  • analysere og forstå reglane om at urimelege avtalar ikkje kan krevjast gjennomført, særleg i høve til avtalelova § 36
  • analysere og forstå reglane om representasjon, det vil seie reglane om binding ved bruk av fullmektig og andre representantar
  • ha kunnskap om hovudtrekk i internasjonal kontraktsrett som kan få verknad for norsk kontraktsrett.

Krav til forkunnskapar

Tilrådde kunnskapar er Ex. fac. (juridisk forprøve) og Juridisk metode.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminar, arbeidsgrupper

Obligatorisk læringsaktivitet

Minst 80% samla deltaking på seminar.
3 skriftlege oppgåver, individuelt arbeid.
Ein skal levere skriftleg disposisjon av oppgåva til gjennomgang til kvar seminartime.

Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar. Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

I tillegg til vanlege hjelpemiddel ved eksamen kan studentane ta med:
Principles, definitions and model rules of European private law : Draft Common Frame of Reference (DCFR) / prepared by the Study Group on a European Civil Code and the Research Group on EC Private Law (Acquis Group) ; edited by Christian von Bar, Eric Clive and Hans Schulte-Nölke ; and Hugh Beale ... [et al.] Outline edition 2009. ISBN 978-3-86653-097-3, h.

Meir om hjelpemiddel