Hopp til innhald

JU5-104 Forvaltningsrett

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Forvaltningsrett er rettsreglane om organisering, ansvarstilhøve og kompetanse til å treffe avgjerd i offentleg forvaltning, og om dei rettane og pliktene private har overfor forvaltninga. Med offentleg forvaltning meiner ein organ for stat, kommune og private som tek avgjerd på vegne av offentleg forvaltning om rettar og plikter for private rettssubjekt. Organ kan vere administrative organ som til dømes Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Direktoratet for naturforvaltning i Trondheim, eller kollegiale organ som til dømes styret ved Høgskulen i Sogn og Fjordane eller kommunetyret. Stortinget og domstolane vert i denne samanhengen ikkje rekna som ein del av forvaltninga. Emnet omfattar ikkje den samla forvaltningsretten.

Læringsutbytte

Etter avslutta emne skal studentane ha ei oversikt over den alminnelege forvaltningsretten og grundig kjennskap til reglane om forvaltninga si sakshandsaming slik dei er gitt i forvaltningslova inkludert reglane om klage på og omgjering av vedtak.

Krav til forkunnskapar

Det er ingen krav til forkunnskapar, men det er tilrådd at studenten har teke Ex. fac. (juridisk forprøve) og Juridisk metode.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, seminar og øvingsoppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Minst 80% samla deltaking på seminar

3 skriftlege oppgåver, individuelt arbeide.

Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

4 timar skuleeksamen. Bokstavkarakter.

Fagleg overlapping

  • JU6-1003 - Forvaltningsrett - Reduksjon: 7,5 studiepoeng