JU5-105 Juridisk metode
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Emnet tar for seg rettskjeldelæra, som er dei prinsippa, normene og retningslinene som ein må nytte når ein tek stilling til rettsspørsmål. I faget juridisk metode vert rettskjeldelæra studert. I andre fag må ein nytte rettskjeldelæra i løysinga av juridiske problemstilingar. Emnet sitt hovudfokus er retta mot relevans-, slutnings og vekt-/harmoniseringsprinsippa, men også andre prinsipp for korleis ein nyttar rettskjeldene vert omtalt.
Læringsutbytte
Etter fullført emne kan studenten:
- gjere greie for rettskjeldelæra, som er dei normene, prinsippa og retningslinene ein nyttar når ein tek stilling til rettslege problemstillingar
- sentrale relevans-, slutnings- og vekt-/harmoniseringsprinsipp
- prinsippa for lovtolking
- prinsippa for bruk av ulovfesta rett og prinsippa for regeldanning på "lovtomt" område
- prinsippa for korleis ein løyser motstrid mellom rettsreglar.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde kunnskapar er Examen Facultatum (juridisk forprøve).
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminar og øvingsoppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Minst 80% deltaking på seminar.
Vurderingsform
Individuell munnleg eksamen. Bokstavkarakter.
Fagleg overlapping
- JU5-101 - Juridisk metode - Reduksjon: 8 studiepoeng