Hopp til innhald

JU5-106 Arve- og familierett

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Familieretten handlar om rettsforholdet mellom ektefellar og sambuarar. Arveretten handlar om kva som skal skje med ein død person sine plikter og formue. Dette emnet fokuserer på reglane om arv ved dødsfall og dei reglane som gjeld for økonomiske tilhøve mellom ektefellar og sambuarar ved samlivslivsbrot.

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan studenten:

  • gjere greie for sentrale omgrep i familie- og arveretten
  • nytte rettsreglane i arve- og familieretten på en juridiske forsvarleg måte på aktuelle juridiske problemstillingar
  • syne god forståing for reglane om arverett etter lova og om grensa mellom livs- og dødsdisposisjonar og kva rettslege disposisjonar som krev testaments form for å vere gyldig
  • ha oversikt over sentrale reglar om formuestilhøvet mellom ektefellar som vilkår for likedeling og skeivdeling, frådrag for gjeld, krav på vederlag og fordeling av gjenstandar og ting ein eig saman eller kvar for seg
  • ha oversikt over formuestilhøvet mellom sambuarar, og det økonomiske oppgjeret ved opphøyr av sambuarforhold.

Krav til forkunnskapar

Det tilrådd at studenten har teke Ex. fac. (juridisk forprøve).

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, seminar og øvingsoppgåver.

Obligatorisk læringsaktivitet

Minst 80% deltaking på seminar.
Levere skriftleg disposisjon av oppgåva til gjennomgang til kvar seminartime.
Tre skriftlege oppgåver, individuelt arbeid.

Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

4 timar skuleeksamen.

Bokstavkarakter