JU6-1003 Forvaltningsrett
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Forvaltningsrett er rettsreglane om organisering, ansvarstilhøve og kompetanse til å treffe avgjerd i offentleg forvaltning, og om dei rettane og pliktene private har overfor forvaltninga. Med offentleg forvaltning meiner ein organ for stat, kommune og private som tek avgjerd på vegne av offentleg forvaltning om rettar og plikter for private rettssubjekt. Organ kan vere administrative organ som til dømes Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Direktoratet for naturforvaltning i Trondheim, eller kollegiale organ som til dømes styret ved Høgskulen på Vestlandet eller kommunestyret. Stortinget og domstolane vert i denne samanhengen ikkje rekna som ein del av forvaltninga. Emnet omfattar ikkje den samla forvaltningsretten.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten:
- ha ei oversikt over den alminnelege forvaltningsretten,
- ha grundig kjennskap til reglane om forvaltninga si sakshandsaming slik dei er gitt i forvaltningslova inkludert reglane om klage på og omgjering av vedtak.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminar og øvingsoppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ei skriftleg oppgåve, individuelt arbeid. Arbeidskrav må vere godkjend før ein kan framstille seg til eksamen.
Vurderingsform
4 timar skuleeksamen. Bokstavkarakter.