LU2-NOR215 Norsk 5-10 1b
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Norsk er eit kunnskaps- og danningsfag, eit estetisk fag, eit språkfag og eit praktisk profesjonsfag. Å studere norsk som del av grunnskolelærarutdanninga handlar om å skaffe seg kunnskapar om norsk språk og norsk tekstkultur og om didaktiske teoriar knytt til norskopplæring. Ein norsklærar må kunne bruke kunnskapar frå desse områda til fagleg og fagdidaktisk refleksjon og setje det heile om til praktisk handling i klasserommet. Undervisninga i lærarutdanningas norskfag skal vere både forskingsbasert og profesjonsorientert.
Språk og språkbruk spelar ei grunnleggande rolle i all læring og heng tett saman med identitetsutviklinga til kvar einskild språkbrukar. Å kunne tale, lese og skrive vel er ein medborgarleg rett. Ei demokratisk offentlegheit er avhengig av at nye generasjonar blir deltakarar i skriftkulturen. Elevar skal utvikle seg og bli sosialiserte inn i ein kultur der språkkunnskapar og språklege ferdigheiter er inngangsnøkkelen til alt frå sosialt liv, via yrkesliv, til offentleg deltaking i lokale, regionale, nasjonale og internasjonale samanhengar. Ei viktig oppgåve for norsklæraren er derfor å hjelpe elevar til å bli trygge og aktive språkbrukarar med gode munnleg og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter.
Litterær danning er mellom anna eit resultat av arbeid med ulike typar tekstar, tekstar som gir innsikt i menneskeliv, kulturliv og samfunnsliv ¿ eldre og nyare, munnlege og skrivne, oppdikta og sakprega, tekstar i aviser, tidsskrift, bøker eller på skjerm, og samansette tekstar som spelar seg ut på papir, skjerm, lerret eller scene. Norsklærarar må derfor kunne presentere eit mangfald av tekstar for elevane ¿ tekstar som kan vere opphav til forståing, gi opplevingar og skape lyst til å lese meir og skaffe seg meir kunnskap og større innsikt.
Norskfaget har eit særleg ansvar for opplæring i dei grunnleggande ferdigheitene; å kunne uttrykke seg munnleg, å kunne uttrykke seg skriftleg og å kunne lese. Norsklærarar må ha kunnskapar om språkutvikling, ordforråds- og omgrepslæring, begynnaropplæring og om utvikling av lesing og skriving. Lesing og leseglede, skrivelyst og skrivemeistring legg grunnlag for vidare utdanning. Det er viktig at norsklærarar har innsikt i litterære tekstar som engasjerer barn og med dette motiverer elevane til vidare lesing og skriving.
I eit fleirkulturelt læringsmiljø er gode språk- og breie kulturkunnskapar viktige. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis, men kan ikkje vere framand for allmenne og internasjonale perspektiv. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og kva som er norsk, må heile tida definerast på nytt i tråd med denne utviklinga. Gjennom språkopplæringa spelar norskfaget ei viktig rolle i integreringa av minoritetselevar, men faget skal også utvikle ei kulturforståing som tar den fleirkulturelle røynda på alvor. For samiske elevar skal faget norsk saman med faget samisk leggje grunnlaget for å utvikle tospråkleg kompetanse hos elevane.
Faget må tilpassast aldersgruppene studentane skal vere lærarar for, noe som får stor innverknad på tekstmaterialet studentane må arbeide med, metodane dei kan nytte og kva for teoretisk perspektiv dei kan velje.
Studentane skal vurderast i bokmål og nynorsk i norskfaget. For fritak, sjå forskrift § 5.
Dette kurset har vekt på å lære studentane lingvistiske omgrep som får praktisk verdi i arbeidet med elevtekstar. I norsk 1 b står arbeidet med vidareutvikling av skriveferdigheiter til elevar frå 5.- 10. trinn sentralt. Studentane skal få forskingsbasert innsikt i dette temaet og i norsk språk- og tekstkunnskap. Dei skal også få forskingsbasert kunnskap om temaet lese- og skrivevanskar, samt norsk som andrespråk. Studentane skal kunne nytte og vurdere ulike arbeidsmåtar som passar frå 5.-10. trinn. Dei skal utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
Elevtekstar - elevtekstanalyse
Fonologi
Morfologi
Syntaks
Skriveopplæring i ulike sjangrar
Skriveopplæring som ein prosess, om respons og vurdering
Lese- og skrivevanskar
Norsk som andrespråk
Læringsutbytte
Studenten: - kunnskapar:
- kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- har inngåande kjennskap til ungdomslitteratur i ulike sjangrar og god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
- har kunnskap om barnelitteratur og nyare litteratur som vender seg mot vaksne lesarar
- har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk
- ferdigheiter:
- kan planleggja, gjennomføra og vurdera norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. trinn og kan grunngi faglege val
- kan vurdera og bruka ulike undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæringa og skriftforming frå 5. til 10. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
- kan bruka språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse av, respons på og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremja læring
- kan analysera, tolka og vurdera tekstar og presentera litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar
- kan samtala om litteratur og tilpassa form og innhald i samtalen med omsyn til kjønn, alder, kunnskapar og kulturell bakgrunn hos mottakarane.
- kan bruka varierte estetiske arbeidsmåtar for auka litteraturforståing og glede hos elevane
- kan bruka ulike vurderingsmåtar i norskfaget
- kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa, skapa og vurdera digitale, samansette tekstar
- generell kompetanse:
- kan formidla norskfaglege innsikter og tilpassa form og innhald til ulike målgrupper
- kan nytta faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
- kan arbeida sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan arbeida med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikla språk- og kulturforståing
- kan arbeida med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikla ei kulturforståing som tar den fleirkulturelle røynda på alvor.
kan leggja til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrkja identiteten til elevane og oppmoda dei til aktiv deltaking i det offentlege liv
Krav til forkunnskapar
- Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Klasseromsundervisning; lærarstyrt og med studentaktivitetar. Presentasjonar og seminarinnlegg, munnlege og skriftlege oppgåver, individuelle og i grupper. Tekstskaping og -vurdering. Praksisoppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Godkjent skriftlege og munnlege studiekrav
Vurderingsform
Skriftelig skuleeksamen. Målform: nynorsk Karakterskala A-F. Studiekrava må vera godkjende for å gå opp til eksamen.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel