Hopp til innhald

MASA201 Vilkår for deltaking, felleskap og kollektiv handling

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Samfunnsarbeid er å undersøke og påverke vilkår for sosial deltaking, danning av fellesskap og kollektiv handling. Emnet vektlegg teoretisk forståing for samfunnsarbeid. Emnet skal gi kunnskap om samfunnsrelaterte prosessar og endringsarbeid.

Den teoretiske verktøykassa inneheld sentrale omgrep som fellesskap, identitet, dialog, deltaking, handling, samhandling og empowerment. Det teoretiske fundamentet inneheld kritisk gransking av omgrepa si historiske bruk, implisitte ideologi, og vandring mellom ulike tenestefelt. Kunnskap om og forståing av politiske prosessar, kommunal forvaltning, governance og innføring i velferdsteori høyrer til det teoretiske grunnlaget for samfunnsarbeid. Arbeidsdeling i velferdsstaten, hierarki og konflikt, praksis og metodar, vert tematisert og analysert for å øve opp evne til kritisk analyse. Ikkje-undertrykkande praksis er sentralt.

Sentrale emne

  • Ulike modellar for samfunnsarbeid
  • (Lokal)samfunnskunnskap - velferdsaktørar
  • Empowerment, kritisk medvit, dialog og refleksjon
  • Deltaking, demokrati og mobilisering
  • Lokal handleevne og sosial kapital
  • Forsking i og på samfunnsarbeid

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:

Kunnskap:
Studenten...

  • har kunnskap om mandata for samfunnsarbeid
  • har inngåande kunnskap om dei mangesidige tilhøva mellom individ og samfunn
  • har avansert kunnskap om det teoretiske grunnlaget for samfunnsarbeid

Evner:
Studenten...

  • bruker relevante omgrep og perspektiv, forsking og fagutviklingsmetodar
  • kan planlegge, gjennomføre og ferdigstille ulike endringsprosjekt og involvere dei det gjeld i alle delar av prosessen

Generell kompetanse:
Studenten...

  • bidrar med kritisk analyse og gransking av ideala og realitetane i velferdstenestene
  • formidlar korleis velferdstiltak og samfunnsarbeid kan ha utilsikta verknader som utestenging, diskriminering eller lært hjelpeløyse

Krav til forkunnskapar

Ingen særskilte krav for å framstille seg til eksamen

Undervisnings- og læringsformer

Undervisning i emnet er i første semester.

Forelesing, artikkelseminar, framlegg, få og gi kommentarar på eige og medstudentar sitt arbeid, delta i diskusjonar, gruppearbeid, utarbeide og bruke gruppekontrakt, levere arbeidskrav på itslearning. Prosessorientert skriving, levere essay/eksamensoppgåver til rettleiing, bidra med kommentarar på medstudentar sine essays

Obligatorisk læringsaktivitet

Ingen

Vurderingsform

Oppgåve i form av skriftleg individuelt essay. Oppgåva skal vera på maksimalt 4500 ord med framside, innhaldsliste og litteraturliste.

Vurderingsuttrykk
Karakterskala A til F, der A til E er stått karakter og F er ikkje stått.

Gjennomføring av ny eksamen
Studentane må bearbeia oppgåva til ny eksamen.