MASA645 Masteroppgåve
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Masteroppgåva skal vise korleis samfunnsarbeid som teori og metode kan bidra til å påverke vilkår for sosial deltaking for ei gruppe menneske knytt til eit fellesskap (til dømes interesse, geografisk, organisatorisk) på ein eller fleire sosiale arenaer som er relevante for dei. Mastergradarbeidet kan være en undersøking av teoretiske, praktiske eller metodiske sider ved samfunnsarbeid som handling.
Mastergradsarbeidet kan være eit frittståande arbeid eller gå inn som ei avgrensa men sjølvstendig del av eet pågåande forskingsprosjekt, eller byggje på tilgjengelege data frå avslutta forsknngsprosjekt eller registerdata.
Masteroppgåva kan skrivast som eit individuelt prosjekt eller som eit fellesprosjekt for to studentar. Når to studentar skriv felles masteroppgåve, må det framgå tydeleg av arbeidet korleis dei har arbeid saman. Studentane har eit sjølvstendig ansvar for å vise korleis begge har bidrege til det ferdige produktet.
Forøvrig gjeld og høgskulens eigne retningslinje for masteroppgåva som ligg på nettsidene om eksamen.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, evner og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten...
- ha inngåande kunnskap om samfunnsarbeidet sitt grunnlag, teoriar og metodar, og kan anvende desse innanfor fagområdet
- ha spesialisert innsikt i det teoretiske og empiriske feltet som mastergradsoppgåva handlar om
Evner:
Studenten...
- analysera og halde seg kritisk til ulike informasjonskjelder, og bruke desse til å strukturera og formulera faglege argument
- arbeide sjølvstendig med teoretiske og praktiske oppgåver
- bruke relevante forskingsmetodar til å analysera vitskaplege problemstillingar
Generell kompetanse:
Studenten...
- ha erfaring og kompetanse til å utforme ei forskbar problemstilling, planlegge forskingsarbeidet, gjennomføre forskingsprosessen og dokumentere dette i tråd med ålment aksepterte vitskapelege standardar.
- bidra til kunnskapsutvikling i samfunnsarbeid gjennom å identifisera handlingsrom og vilkår for sosial deltaking
- presentera og formidla denne kunnskapen munnleg og skriftleg til fagfeller og til dei det gjeld
Krav til forkunnskapar
Emna i 1. studieår må vera godkjende før studenten kan starte arbeidet med masteroppgåva. Alle emna i fyrste og andre studieår tilsvarande 75 sp må vera bestått før studenten kan levera inn masteroppgåva til vurdering
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidet med masteroppgåva går føre i tredje og fjerde semester. Student og rettleiar skal utarbeide og underskrive rettleiingsavtale ifølgje det til ei kvar tid gjeldande regleverket ved høgskulen. Avtalen følgjer studenten.
Sjølvstudium, skriveseminar, tekstseminar, sluttseminar. Gi og få tilbakemeldingar på eigne og andre sine tekstar. Det er utarbeidd egne retningslinjer for masteroppgåva når det gjeld form og tekniske krav
Obligatorisk læringsaktivitet
To obligatoriske arbeidskrav i form av:
- gjennomført sluttseminar
- veiledningskontrakt
Arbeidskrava må vere godkjend før innlevering av masteroppgåve
Vurderingsform
Masteroppgåve. Omfang 80-100 sider.
Sjå eige dokument for formelle og tekniske krav.
Vurderingsuttrykk
Karakterskala A til F, der A til E er stått karakter og F er ikkje stått.
Gjennomføring av ny eksamen
Dersom masteroppgåva vert vurdert med karakteren F må studenten bearbeia oppgåva til ny eksamen