Hopp til innhald

ME420 Statistikk

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Studentane får øving i data leting og analyse av ulike typar data og beskriving av desse med statistiske testar, frå enkle klassiske testar som kji-kvadrat, t-test, wilcoxon rank sum test, korrelasjon og ANOVA, til meir avansert teknikker som multippel regresjon, GLM, og sekvenseanalyse. Studentane også får øving i Estimering av usikkerhet / konfidensintervall, eksperimentell design / planlegging og presentasjon av data og forstå resultatene fra avanserte statistiske teknikker som blandet modellering og multivariat analyse. Bruk av programmet R.

Læringsutbytte

: Etter fullført emne skal studentane:

  • forstå kor viktig statistikk er i forsking
  • forstå dei viktigaste prinsippa bak statistikken
  • kunne tenke kritisk i forhold til presentert statistikk
  • kunne betrakte omverda meir objektivt med tanke på mønstre og trendar

. Etter fullført emne skal studentane:

  • kunne anvende nokre av dei viktigaste statistiske metodane
  • kunne planleggje feltforsking/ feltarbeid til bacheloroppgåve med tanke på god statistisk behandling
  • kunne bruke den vanlegaste nytta statistisk programvare

. Etter fullført emne skal studentane

  • kunne tenke kritisk i forhold til presentert statistikk i media, rapportar og vitenskapelige artikler
  • kunne betrakte omverda meir objektiv med tanke på mønstre og trendar
  • kunne utføre statistiske analyser nødvendig i f.eks bacheloroppgaver.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse. Studentane treng sin eigen datamaskin som kan køyre Windows baserte program i samband med øvingar

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og seminar (ca. 1/4) og øvingar (ca. 3/4).

Studentane treng eigen datamaskin til øvingar som kan køyre Windows baserte program

Obligatorisk læringsaktivitet

1) Kort essay levert i slutten av veke 1. Studentane skal gjere greie for forsøksdesignet til eit prosjekt som dei gjennomfører i løpet av kurset.

2) Eit tekstdokument, levert i løpet av veke 4, med R-kode. Studentane samlar data for sine respektive prosjekt og gjennomføre grunnleggande statistikk med bruk av R i løpet av

veke 2-4.

Vurderingsform

Munnleg eksamen

Studentane skal gjere greie for sitt prosjekt, dei metodane dei valde for å analysere og tolke data, og drøfte alternative metodar.