ME6-1002 Samfunnsvitskapleg metode
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Emnet startar med ei innføring i vitskapsteori og forskingsetikk. Så vil vi ta føre oss alle fasane i eit forskingsprosjekt, frå utvikling av problemstilling til skriving av sluttrapport. Det vert undervist både i kvalitativ og kvantitativ forskingsmetode. Delar av undervisninga kan bli organisert som seminar der studentane deltek aktivt.
Læringsutbytte
Etter fullført emne kan/har studenten:
- grunnprinsippa innanfor kvalitativ og kvantitativ forskingsmetode knytt til økonomisk-administrative problem
- gjennomføre enkle undersøkingar og skrive prosjektoppgåve under rettleiing
- vurdere forskingsresultat kritisk og konstruktivt
- større fagleg utbytte av å lese vitskaplege rapportar og artiklar innan det økonomisk-administrative fagfeltet
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og oppgåveseminar
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt arbeidskrav som skal løysast individuelt
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar
Bokstavkarakter.
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddelFagleg overlapping
- ME6-200 - Samfunnsvitskapleg metode og statistikk - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
- ME6-200 - Samfunnsvitskapleg metode og statistikk - Reduksjon: 3,5 studiepoeng
- ØKB2124 - Samfunnsvitskapleg metode - Reduksjon: 7,5 studiepoeng
- ØMO111 - Samfunnsvitskapleg metode - Reduksjon: 7,5 studiepoeng