Hopp til innhald

MF6-1000 Marknadsføring

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet skal utvikle studentane sine kunnskapar og ferdigheiter om forhold som påverkar etterspurnaden etter produkt og tenester, og dermed verksemda sine inntekter. Fokuset er på modellar, teoriar og malar innanfor sentrale område av marknadsføring. Studentane skal lære å bruke desse som verktøy for å gjennomføre prosessar for å utvikle verksemda sitt marknadstilbod, kommunikasjon og leveransar til marknaden.

Emnet skal også øve studentane i å kunne presentere fagstoff (munnleg og skriftleg), finne fram til relevant forskingslitteratur og utveksle synspunkt og erfaringar med bakgrunn i marknadsføring. Studentane vert øvde i dette ved å jobbe med relevante problemstillingar og aktuelle case.

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan studenten:

  • gjere greie for korleis marknadsorienterte bedrifter kan utvikle sitt marknadstilbod, og korleis verksemder kan kommunisere og levere dette til marknaden
  • gjere sjølvstendige refleksjonar kring etiske og miljømessige utfordringar knytte til sentrale problemstillingar innanfor marknadsføring
  • gjere greie for, og bruke, sentrale modellar og teoriar innanfor:
  • Marknads- og kundeorientering
  • Etikk, miljø og samfunnsansvar
  • Segmentering, differensiering og posisjonering
  • Kjøpsåtferd i forbrukar- og bedriftsvaremarknaden
  • Sal
  • Relasjons- og dialogmarknadsføring
  • Produkt- og tenesteutvikling
  • Merke- og omdømmeleiing
  • Marknadskanalar
  • Prissetjing
  • Marknadskommunikasjon (inkludert bruk av nye digitale medium)
  • Planlegging, organisering, økonomiske analysar og kontroll
  • analysere og drøfte praktiske problemstillingar for bedrifter i lys av teoriar og modellar i marknadsføringslitteraturen

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, sjølvstudium, diskusjonar, gruppearbeid og oppgåveseminar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Inntil to arbeidskrav

Vurderingsform

Individuell digital fleirvalseksamen (skuleeksamen) på 45 minutt (tel 33%) i midten av semesteret.

Heimeeksamen over to dagar i grupper på 3-5 studentar (tel 67%) i slutten av semesteret.

Begge eksamenane må vera bestått for å få fullført emne.

Kandidatar som stryk til eksamen i ein av delane, går opp att til eksamen i berre denne delen.