MF6-2000 Merkevarestrategi
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Emnet dekkjer følgjande tema:
- Kundebasert merkeverdi, posisjonering av eit merke,
- Korleis byggje ei merkevare
- Assosiasjonar
- Korleis måle og tolke kor bra eit merke gjer det
- Korleis auke eit merke sin verdi.
I emnet vil det verta nytta fleire merkevarer som case, og det vert særleg lagt vekt på merkevarer med relevans for reiselivet
Læringsutbytte
Studenten skal tileigne seg kunnskap om sentrale tema og omgrep innan merkevarestrategi, samt gje evaluering basert på denne kunnskapen. Emnet skal gje ei innføring i sterke merkenamn og strategiane bak.
Etter fullført emne skal studenten:
- Utvikla ei grunnleggjande forståing av dei viktigaste driverane for å bygge sterke merkevarer.
- Forstå korleis forbrukarar lærer assosiasjonar om ei merkevare.
- Kjenne til dei viktigaste omgrepa som vert nytta innan merkevarelitteraturen
- Forstå kvifor og korleis reklame påverkar forbrukarar
- Forstå korleis merkevarer innan reiselivet kan byggast
- Vurdere kva metodar som er mest tenelege å bruke for å bygge merkeverdi for eit merke, samt metodar som vert brukt for å vidareutvikle merker
- Kunne nytta metodar for å avsløre assosiasjonsnettverket til forbrukarar
- Kunne ideane bak design og implementering av marknadsføringsprogram
- Kunne identifisere driverar for å bygge sterke merkevarer og reflektere over bruken av desse.
- Identifisere og evaluere ulike strategiar i merkevarebygging.
- Kunne designe eigne marknadsføringsprogram.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde kunnskapar: Marknadsføring (MF6-1000) eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidsforma vil variere mellom førelesingar, gjesteførelesingar, sjølvstudium, og gruppeøvingar.
Obligatorisk læringsaktivitet
Emnet har eitt arbeidskrav som skal løysast i grupper og må vera godkjent for å kunne gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen 4 timar.
Bokstavkarakter
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel