MGBKØ101 Kroppsøving 1, emne 1 - Kroppsøvingsfaget, læraren og undervisning
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Emnet er ei innføring i det å vera lærar i kroppsøving på steg 1-7 i grunnskulen.
Emnet tek utgangspunkt i kroppsøving som eit allmenndannande fag med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Sentralt ligg utvikling av undervisningskompetanse i begynnaropplæring knytt til variert bevegelseslæring og kroppslege erfaringar. Å legga til rette for bevegelsesaktivitetar som leik, tidsaktuelle bevegelsesformer i barnekulturen, dans, friluftsliv, samt begynnaropplæring i idrett står sentralt. Opplæringa skjer gjennom ei praktisk orientert fagdidaktisk tilnærming.
Emneplanen følgjer progresjonen i praksis og i dei fagovergripande temaa slik det går fram av studieprogramplanen og emneplanen for praksis for det aktuelle året.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Studenten
- har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
- har kunnskap om planlegging, -gjennomføring og vurdere av undervising i kroppsøving
- har kunnskap om ulike former for leik og andre bevegelsesaktivitetar i barnekulturen
- har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av vekst og utvikling hos eleven
Studenten
- kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningsliner,
- planlegge, gjennomføra og vurdere undervising i kroppsøving
- kan utvikla eigne ferdigheiter og kunnskapar innan leik, nærfriluftsliv, dans og idrettsaktivitet, og gjera seg nytta av dette i undervising i kroppsøving
- kan utforske eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
- kan ivareta HMS for elevane i ulike aktiviteter og bevegelsesmiljø.
- kan gje opplæring i symjing, livreddande førstehjelp og livberging i vatn på steg 1-7
Studenten
- kan drøfte kva som er kroppsøving sitt bidrag til allmenndanninga til elevane
Undervisnings- og læringsformer
Studenten møter varierte og yrkesrelevante arbeids- og læringsformer i emnet. Det vil vere førelesingar, praktiske timar, eigenaktivitet og forpliktande samarbeid i ulike gruppestorleikar.
Obligatorisk læringsaktivitet
- 80 % frammøte til undervisning
- Delta på turar/ekskursjonar (forventa kostnad, sjå semesterplan)
- Praktisk-metodisk undervisingsoppgåve
- Friluftsliv med overnatting
Semesterplanen vil gi retningslinjer for arbeidskrava, inkludert informasjon om høve til å be om kompensatoriske arbeidskrav for turar/ekskursjonar.
Vurderingsform
Prosjekt. Individuelt arbeid.
Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for gjennomføring av prosjektet.
Tid for innlevering av prosjektet vert opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.
Karakterskala A til F, der F er ikkje greidd.
Fagleg overlapping
- KRO1001 - Danning og akademisk handverk - Reduksjon: 10 studiepoeng