MGUSA101 Samfunnsfag 1, emne 1 - Innføring i samfunnsfag 1
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Lærarutdanningsfaget samfunnsfag skal førebu studentane til profesjonsrolla som samfunnsfaglærar på mellom- og ungdomstrinnet. Studiet skal gje ei innføring i grunnleggjande ferdigheiter og arbeid med kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet.
Sentralt i studiet står elles arbeid med tilpassa opplæring og vurdering.
Samfunnsfagsstudiet i grunnskulelærarutdanninga er internasjonalt orientert både i innhaldet og i formidlinga av faget. Faget inneheld elles ei balansert innhaldsfordeling mellom geografi, historie og samfunnskunnskap.
I dette emnet vert det lagt vekt på at studenten tileignar seg kunnskap, dugleikar og kompetansar som grunnlag for framtidig arbeid som lærar. Fokuset ligg på sentrale tema innanfor hovudområda i samfunnsfag.
Læringsutbytte
Ved fullført emne skal studenten ha følgande totale læringsutbytte:
Kandidaten
- har kunnskap om vitskaplege teoriar teori og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
- har kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen som er særleg knytta til grunnleggjande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering og arbeidet med kompetansemål på mellom- og ungdomstrinnet
- har kunnskap om sosialisering, identitetsdanning og ulikskap i eit samfunnsfagleg perspektiv
- har kunnskap om samane som urfolk, om dei nasjonale minoritetane, og om kulturelt mangfald i Noreg
- har kunnskap om samspelet mellom menneske, teknologi og natur med vekt på ressursfordeling og berekraftig utvikling
- har kunnskap om samfunnsfaglege problemstillingar knytt til elevane sin digitale kvardag
- ha kunnskap om stad og landskap som natur, kultur og historie
Kandidaten
- kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag i skulen, stimulere til undring om og respekt for mangfald og bruke dette som ressurs i arbeidet med alle elevar
- kan leie læringsprosessar med særleg vekt på å vidareutvikla grunnleggjande ferdigheiter og kompetansar og sikre progresjon i opplæringa
- kan finne søkje, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
- kan reflektere over praksis og praksisplanlegging, leiing av læringsarbeid og vurdering av dette som grunnlag for læringsretta tilbakemelding
Kandidaten
- kan reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
- har overblikk over periodar og utviklingsmønster og kan gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert
- kan reflektere sjølvstendig og kritisk over fagdidaktiske spørsmål knytt til opplæringa på mellomtrinnet og ungdomstrinnet
Undervisnings- og læringsformer
Førelesing, gruppearbeid, ekskursjonar, individuelt arbeid og munnleg framføring.
Obligatorisk læringsaktivitet
For studentar som har emnet som Fag 1:
Eitt individuelt skriftleg arbeid på inntil 2000 ord som skal gi øving i akademisk skriving.
For studentar som har emnet som Fag 2:
Akademisk lesing: Studentane presenterer ein fagleg artikkel på eit seminar.
Semesterplanen vil gi nærare retningslinjer for arbeidskrava.
Vurderingsform
Heimeeksamen, 3 dagar.
Oppgåva skal vere på 2000 ord.
Tid for ut- og innlevering av eksamen vert opplyst på Studentweb og digitalt eksamenssystem.
Karakterskala A-F, der F er ikkje greidd.
Hjelpemiddel ved eksamen
Alle
Meir om hjelpemiddel