Hopp til innhald

MUNDD311 Fleirfagsdidaktikk

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet skal byggje på dei føregåande emna 1 og 2 i masterstudiet og gi djupare forståing av didaktikk som vitskapsområde og praksisfelt. I tillegg til fagdidaktisk forsking, vert tema frå fordjupingsfaga sine undervisningstradisjonar presentert. I emnet skal ein arbeide ut frå eit komparativt perspektiv.

  • Fleirfagdidaktiske perspektiv på tilhøvet mellom danning og literacy
  • Didaktiske perspektiv på skolefaga engelsk, matematikk og norsk
  • Omgrepet "forskingsbasert undervisning", FoU-orienterte arbeidsmetodar i skole og barnehage
  • Vilkår for didaktiske endringar, verkemåtar og effektar

Læringsutbytte

Etter avslutta studium har studenten

  • kunnskap om vurdering og tilpassa opplæring i eige og andre skulefag
  • kunnskap om dei ulike faga og dei grunnleggjande ferdigheitene i eit kritisk perspektiv
  • djupare innsikt i kva som kan liggje i omgrepet "danning"
  • djupare innsikt i didaktisk praksis, i både fordjupingsfaget og i andre fag i skule og barnehage
  • ei djupare innsikt i det som er felles- og særfagleg på dei nemnde didaktiske områda

Etter avslutta studium kan studenten

  • gjennomføre utforsking av didaktiske tema i egen praksis
  • dokumentere kunnskap om felles- og særfaglege didaktiske tema
  • gjere fagleg og didaktisk grunngitte val for undervisning, i møte med sosiale, fleirkulturelle og institusjonelle premissar
  • undervise forskingsbasert og gjennomføre utviklingsarbeid som del av ordinær undervisningspraksis
  • forstå og analysere endringsprosessar
  • forklare signifikant likskap og forskjellar mellom ulike fag eller institusjonar som barnehage og skule

Etter avslutta studium kan studenten

  • fungere som ressursperson for utdanningsmiljøet på egen arbeidsplass
  • bruke teori som grunnlag for samarbeid og komparativ forsking

Krav til forkunnskapar

Emnet byggjer på emne 1 og emne 2 i masterstudiet.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet 3 lagt til 3. år, haustsemester

Studiearbeidet i emnet er i vesentleg grad knytt til eit rettleia, praksisbasert prosjektarbeid. Resultatet frå prosjektarbeidet er vurderingsgrunnlaget for eksamen. Eksamen består av essay, plakat og munnleg presentasjon. Kvar gruppe skal etter presentasjonen gi tilbakemelding til ei anna gruppe på eksamensdagen.

Studiet startar med konsentrert undervisning over ei veke (obligatorisk frammøte), der kvart av fordjupingsfaga presenterer tema med utgangspunkt i innhaldspunkta ovanfor og andre tema som kan vere aktuelle for prosjektarbeidet. Deretter blir prosjektarbeidet gjennomført i tråd med punkta nedanfor.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studentane blir sett saman i grupper på inntil fire representantar, der om mogeleg fleire fordjupingsfag og eller institusjonar er representerte. Gruppa skal

  • identifisere eit tema som er felles for fagdidaktikken i dei faga eller i dei institusjonane som er representerte i gruppa. Temaet skal behandlast i eit kontrastivt perspektiv, der likskapar og skilnader blir trekte fram
  • lage ein prosjektplan som viser korleis ein vil arbeide med temaet teoretisk og praktisk
  • finne fram til, presentere og diskutere litteratur om temaet
  • gjennomføre forskningsbasert praksis for å hente inn materiale til konkretisering av temaet. Praksis kan vere på eigen arbeidsstad.
  • presentere og diskutere prosjektet på eit undervegsseminar der alle gruppene legg fram arbeid dei har kome fram til på dette tidspunktet, som til dømes mål og vegen vidare
  • gi respons på ei anna gruppe sitt arbeid.

Rettleiing er obligatorisk, avgrensa til totalt fem timar per gruppe og kan gjelde alle dei seks punkta ovanfor.

Det blir gjennomført eit undervegsseminar.

Vurderingsform

Gruppeeksamen knytt til resultatet av prosjektarbeidet.

Gruppa blir vurdert på grunnlag av tre element i prosjektarbeidet:

  • essayet
  • plakaten
  • presentasjonen og evalueringa

Essayet 3000-4000 ord. 
Essayet skal presentere temaet, mål for arbeidet, teoretisk grunnlag, praktisk arbeid, resultat, diskusjon og konklusjonar.

Plakaten
Plakaten skal presentere ei "populær" oppsummering av det vesentlege i essayet.

Presentasjon og evaluering
Presentasjon og evaluering skal gjennomførast i eit seminar over 1 til 2 dagar.
Kvar gruppe skal presentere sitt eige prosjekt. Presentasjonen skal gi ei oppsummering av prosjektarbeidet og utvide det som står på plakaten. Tidsramme: 20 minutt.
Kvar gruppe skal gi tilbakemelding til ei anna gruppe. Dette skjer i ein førebudd kommentar. Tidsramme: 10 minutt.
Gruppa får tilbakemelding på poster og presentasjon av medstudentar. Faglærarane gir den endelege vurderinga.

Gruppa får ei felles sluttvurdering med bestått / ikkje bestått. For å bestå må alle tre eksamenselementa, essay, plakat og presentasjon, få bestått.

(Merk: Dersom ein GLU-student tar emne 3 på deltid, må denne følgje praksis og eksamensordning som står i studieplanen for heiltidsstudentane.)