OR6-1005 Strategi
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Førelesingane fokuserer på følgjande tema:
- Kva er føretaksstrategi?
- Visjon, forretningsidé og mål
- Verdiskaping
- Konkurransefortrinn
- Konkurranse og samarbeid
- Intern analyse
- Ekstern analyse
- Val av strategi
- Implementering av strategi
Læringsutbytte
Etter fullført emne kan studenten:
- forstå korleis strategiar kan bidra til å nå mål om verdiskaping, effektivitet og lønsemd
- føreta strategiske marknads- og ressursanalysar
- generiske strategiar
- strategiske prosessar og perspektiv, der leiingsperspektivet står sentralt
- forstå kva teoriar strategiske verktøy byggjer på
- samfunnsansvar og etikk
- bruke sentrale strategiske verktøy, og gjennom dette arbeidet kunne gjere reflekterte analysar og val
- gjennomføre ein strategisk analyse for ei føretakseining med fokus både på omgjevnader, marknadsfaktorar og verksemda sine interne ressursar
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og casearbeid
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt skriftleg arbeidskrav som skal løysast i grupper på inntil fire studentar.
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 4 timar
Bokstavkarakter
Hjelpemiddel ved eksamen
Ingen
Meir om hjelpemiddel