Hopp til innhald

OR6-1010 Etikk og samfunnsansvar

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Gjennom studiet i etikk og samfunnsansvar skal studentane utvikle sjølvstendig kritisk tenking for å skape medvit om korleis val av teoretisk perspektiv påverkar handteringa av etiske dilemma. Studentane skal få kunnskap om grunnleggjande etiske prinsipp og trening i å nytte desse prinsippa på praktiske problemstillingar i organisasjonar. Emnet introduserer kjerneområda innanfor CSR slik dei mellom anna er definerte i den internasjonale rettleiaren ISO:26000, og ser desse i samanheng med interessentteori for å gje studentane ei forståing av kva det inneber for ein organisasjon å ta samfunnsansvar.

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan studenten

  • gjere greie for sentrale etiske retningar og sentrale problemstillingar rundt samfunnsansvar
  • vere istand til å nytte teori om samfunnsansvar, og foreslå løysingar på etiske og miljømessige problemstillingar
  • kjenne til korleis og kvifor organisasjonar utarbeidar etiske retningslinjer og nyttar dilemmatrening for å utvikle evna til etisk refleksjon
  • gjere greie for samanheng mellom etikk og organisasjonskultur
  • skilje moralske grunnar for samfunnsansvar frå instrumentelle og omdømmerelaterte
  • kjenne hovudpunkt i diskusjonen om ansvar for miljø og berekraftig utvikling
  • bruke etisk teori til å grunngje handlingsval i einskildsaker
  • kjenne hovudpunkt innanfor diskusjon omkring økonomisk kriminalitet, korrupsjon og kvitvasking

Krav til forkunnskapar

Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og obligatoriske arbeidskrav.

Obligatorisk læringsaktivitet

Skriftleg innlevering og munnleg presentasjon.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 4 timar.

Bokstavkarakter.