Hopp til innhald

OR6-2001 Prosjektleiing

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet er delt opp i fire hovuddelar:

Innsikt i prosjektorganisering og arbeidsmåtar i prosjekt, samansetjing og utvikling av team og gruppeprosessar.

Innføring i bruk av verktøy for å styre og leie prosjekt. Praktisk bruk av prosjektstyringsverktøy vil inngå i denne bolken.

Spesielle utfordringar med leiing av prosjekt, leiarolla i prosjekt, teamleiing og coaching. Styring av framdrift, ressursar og risiko. Vidare vert læring, kompetanseoverføring og evaluering tema i denne bolken.

Studentane skal arbeide med ei større oppgåve som tek for seg leiing, organisering, og styring av eit prosjekt. Studentane skal nytte kunnskap frå del 1, 2 og 3 til å byggje opp denne oppgåva. Arbeidet blir organisert med rettleiing og gruppearbeid.

Læringsutbytte

Studenten skal tileigne seg kunnskap om sentrale tema i organisasjon og leiing gjennom arbeid med og forståing av prosjekt. Emnet skal gi ei innføring i prosjektarbeid og prosessane bak.

Etter fullført emne skal studenten:

-Vite kva prosjekt er.

-Skildre prosjektarbeidsprossesen frå byrjing til ferdig prosjekt, samt evaluere prosessen og resultatet.

-Forklare betydinga av organisering, styring og leiing i prosjekt.

-Forklare betydinga av teamarbeid i prosjekt.

-Gjere greie for kriterium for val av prosjektstyringsverktøy.

-Utvikle prosjektidear.

-Planlegge og gjennomføre prosjekt.

-Følgje opp prosjektarbeid.

-Rapportere, analyser og evaluere prosjektarbeid.

-Kunne lede og være ein del av prosjektarbeid i arbeidslivet.

-Reflektere over og evaluere eigen erfaring.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsforma vil variere mellom førelesingar, gjesteførelesingar, praktisk arbeid, sjølvstudium, og gruppeøvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Eitt godkjent arbeidskrav for å få eksamensrett.

Vurderingsform

Studentane skal gjennom heile semesteret arbeide med ei større gruppeoppgåve (prosjektarbeid) til mappe, tel 60%. Gruppeoppgåva skal vere innlevert 2 veker før munnleg etterprøving.

Gruppevis munnleg eksamen med moglegheit for individuell karaktersetjing, tel 40 %.

Det blir gjeve ein samla karakter for mappa og munnleg eksamen.

Ved karakteren F på mappa vil ein ikkje kunne gå opp til munnleg eksamen (ny mappe må leverast). Ved stryk på munnleg vil ein kunne prøvast på nytt til munnleg eksamen.