RE6-1001 Grøn destinasjonsutvikling
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Emnet tek føre seg teoriar, teknikkar, prosessverktøy og metodar for å arbeide praktisk med reisemålsutvikling og heilskapleg reiselivsplanlegging. Emnet tek bl.a. føre seg overordna planlegging og utvikling i reiselivet, og kunnskap om og styringssystem og reiselivsorganisering for handtering av økonomiske, fysiske, miljømessige og kulturelle utfordringar knytt til reiselivsutvikling i eit heilskapleg, berekraftig perspektiv på områdenivå (region/reisemål).
Fylgjande tema er sentrale i emnet:
- reisemålsutvikling - metodar, analysar, verktøy og prosess
- reiselivsplanlegging- og utvikling (globalt/internasjonalt-, nasjonalt-, regionalt-, og lokalt nivå)
- innføring i prosjektutvikling, prosjekt- og prosesstyring i reiselivet (prosjektleiing)(PLP-metoden)
- organisering av reiselivet ¿ ulike nivå og funksjonar
- berekraftig reiselivsutvikling ¿ innhald og prinsipp
- miljømessige, sosiokulturelle, kulturelle og samfunnsmessige verknader av reiselivet
Læringsutbytte
Etter fullført emne kan studenten:
- vite kvifor ein bør utvikle reiselivet etter ein heilskapleg plan
- sjå utfordringar knytt til berekraftig reisemålsutvikling og reiselivsplanlegging
- nytte prosessverktøy og metodar for oppstart, organisering og gjennomføring av reisemålsutviklings- og reiselivsplanprosessar/-prosjekt
- nytte undersøkings- og analyseverktøy for evaluering av reisemål
- teoriar, modellar og verktøy for strategisk reisemålsutvikling (produkt/marknadsutvikling) basert på ulike undersøkingar og analysar
- sjå utfordringar og metodar for berekraftig reiselivsutvikling på bedrifts- og reisemålsnivå
- metodar og verktøy for implementering og gjennomføring av utviklingstiltak på ulike reisemålsnivå
- verktøy og metodar for å kunne setje i gong og arbeide med heilskapleg reisemålsutvikling av destinasjonar, kommunar og regionar
- strukturere, sette i gong og bidra i praktiske reisemålsutviklingsprosessar
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar: reiselivskunnskap eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar og øvingsoppgåver.
Obligatorisk læringsaktivitet
Ei skriftleg oppgåve. Oppgåva skal gjerast i grupper på 2-4 personar.
Vurderingsform
Heime eksamen ei veke i gruppe - vekting 40%
Skriftleg eksamen, 4 timar - vekting 60%.
Bokstavkarakter.
Dersom kandaten får stryk i ein av desse lyt han/ho ta den aktuelle forma oppatt for å få emnet godkjent
Hjelpemiddel ved eksamen
Skiftleg eksamen: Ingen
Meir om hjelpemiddel