RE6-2006 Praksis i ei reiselivsbedrift
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Praksisdelen skal legge til rette for at studenten skal få innsikt i og kunnskap om det daglege arbeidet i reiselivsverksemder. Gjennom autentiske arbeidsoppgåver, refleksjon og rettleiing skal studentane tileigne seg forståing for metodar, problemstillingar, prosessar og verktøy i arbeidslivet tilknytta fagfeltet. Emnet skal bidra til at studentane får reflektere over teorien dei har tileigna seg i løpet av dei føregåande semestra.
Læringsutbytte
Kunnskaper:
Studenten skal:
- tileigne seg kunnskapar om bruk av teori og metode gjennom praktisk anvendelse i ei verksemd
- tileigne seg kunnskapar om sammenhengen mellom forskjellige fag i studiet og korleis desse vert brukt i verksemda
- innan det valte fagområde tileigne seg kunnskapar om sentrale tema, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar i bruk
Ferdigheter:
Studenten skal:
- vere i stand til å utføre arbeidsoppgåver innan det valte praksisområdet
- beherske faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer innan det valte praksisområdet
- finne fram og gjere seg nytte av litteratur som er relevant for utøving av det valte praksisområdet
Generell kompetanse:
Studenten har:
- innsikt i krav og spilleregler i arbeidslivet
- evne til å stille faglege spørsmål som kan bidra til vidareutvikling av praksis
- evne til å kommunisere og samarbeide med involverte partar i og utenfor verksemda
- sett nytten av og blitt inspirert til å halde seg fagleg oppdatert
- evne til å planlegge og løyse faglege oppgåver sjølvstendig
- innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
Krav til forkunnskapar
RE6-1000 Reiselivskunnskap
Undervisnings- og læringsformer
I praksisperioden skal studenten delta aktivt med avtalte arbeidsoppgåver, samarbeide med praksisrettleiar og andre i verksemda og halde kontakt med fagleg rettleiar i institusjonen. Studenten skal gjennom praksisperioden legge grunnlag for utarbeiding av praksisrapport gjennom notat/logg/dokument frå bedrift. Studenten må sette seg inn i relevant litteratur og nytte dette i praksisperioden.
Obligatorisk læringsaktivitet
Seminar og praksis utgjer arbeidskravet. Omfang om lag 120 timar.
- Obligatorisk seminar i høve
- Praksisen tre fulle arbeidsveker (37,5 t per veke) og verksemda må stadfesta at studenten har fullført praksisen
Vurderingsform
Mappe som inneheld individuell praksisrapport.