Hopp til innhald

RP5-401 Rusproblematikk - samansette utfordringar

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet Rusproblematikk - samansette utfordringar handlar om vanskar som den rusavhengige og nettverket til den rusavhengige kan oppleve. Tema i undervisninga vert gjennomgått og diskutert med utgangspunkt i ulike faglege perspektiv.

Emnet tek utgangspunkt i den samansette problematikken knytt til langvarig rusmiddelbruk og dei utfordringar som brukaren og brukaren sitt nettverk kan møte. Studenten vil få kunnskap om komplekse livssituasjonar og helsemessige utfordringar for rusmiddelbrukarar. Samspel med privat og offentleg nettverk, helse og levekår er sentrale tema. Dei ulike tema vert gjennomgått og diskutert med utgangspunkt i ulike faglege perspektiv.

Læringsutbytte

KUNNSKAPAR

Etter fullført emne har studenten

  • inngåande kunnskap om samanhengar mellom rusmiddelbruk og psykiske, somatiske og sosiale vanskar, og konsekvensar av desse
  • avansert kunnskap om sosialisering, tilhøyr og tryggleik relatert til rusmiddelbruk
  • inngåande kunnskap om arbeidsliv og meistring relatert til rusmiddelbruk
  • avansert kunnskap om kompleksiteten kring rusmiddelbruk og samansette utfordringar som langvarig rusmisbruk kan føre til

FERDIGHEITER

Etter fullført emne kan studenten

  • analysere ulike konsekvensar av rusmiddelbruk og kunne nytte relevante teoriar i sjølvstendig arbeid

GENERELL KOMPETANSE

Etter fullført emne

  • kan studenten med utgangspunkt i relevante teoriar, kritisk analysere rusmiddelbrukarar sitt hjelpebehov i eit heilskapsperspektiv og bidra til nytenking

Krav til forkunnskapar

Avslutta grunnutdanning på bachelornivå (minimum tre år) i helse- eller sosialfag. Andre med minimum treårig høgare utdanning med relevant fagsamansetning kan etter vurdering bli tatt opp.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar, diskusjonar, seminar, gruppeoppgåver, individuelle oppgåver, skriftleg arbeid og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ei individuell skriftleg oppgåve på 5 sider.

Vurderingsform

Ei individuell skriftleg oppgåve på 10 sider, med munnleg etterprøving. Bokstavkarakter.

Oppgåva vert vurdert med ein førebels karakter og endeleg karakter vert sett etter den munnlege etterprøvinga. Oppgåva må vere sensurert med ein førebels greidd karakter for at studenten kan ta munnleg etterprøving.

Ved ny eksamen/kontinuasjon arbeider studenten vidare med opphavleg oppgåve. Ved forbetring av karakter må heile emnet takast opp att.