SØ6-1000 Samfunnsøkonomi makro
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
- målsettingar for den økonomiske politikken
- nasjonalrekneskap. Sentrale makroøkonomiske omgrep, indikatorar og samanhengar
- dei ulike komponentane som utgjer BNP
- makroøkonomisk politikk (penge- og finanspolitikk)
- økonomisk vekst
- BNP som velferdsmål
- prisindeksar
- valutakursar
- ulike typar arbeidsløyse
- pengar, valuta og inflasjon
- kjøpekraftsparitet
- kvantitetsteorien
- renteparitet
- kostnader ved inflasjon
- tilbod og etterspurnad i varemarknaden
- tilbod og etterspurnad i pengemarknaden
- IS-MP-modellen for ein open økonomi: Likevekt i vare- og pengemarknaden.
Læringsutbytte
Etter fullført emne kan studenten:
- forstå årsakene til og verknadene av konjunktursvingingar på produksjon og sysselsetjing og korleis styresmaktene kan nytta penge- og finanspolitikk for å jamne ut konjunktursvingingar
- vite kva ein inntektsmultiplikator er
- forstå korleis endringar i etterspurnaden i ein del av økonomien får ringverknader for resten av økonomien
- vite skilnaden på ulike typar arbeidsløyse og samanhengane mellom arbeidsløyse og inflasjon
- forstå årsakene til økonomisk vekst
- finne aktuell makroøkonomisk statistikk m.a. i Nasjonalrekneskapen
- ved hjelp av makroøkonomiske modellar kunne vise korleis styresmaktene kan påverke aktivitetsnivået i økonomien
- sjå samanhengen mellom institusjonar i arbeidsmarknaden og makroøkonomien sin funksjonsmåte
- vere i stand til å følgje med i media og diskusjonar om samfunnsøkonomiske emne
- gjere greie for sentrale makroøkonomiske omgrep
- analysere makroøkonomiske problemstillingar ved hjelp av matematiske og grafiske presentasjonar av makroøkonomiske modellar
- analysere korleis ulike former for makroøkonomisk politikk påverkar sentrale makroøkonomiske storleikar i opne økonomiar
Krav til forkunnskapar
Tilrådde kunnskapar er ME6-1000 Matematikk for økonomar eller tilsvarande.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar med gjennomgang av teori og oppgåver
Vurderingsform
Skriftleg skuleeksamen, 3 timar. 30%
Skriftleg slutteksamen, 4 timar. 70%
Bokstavkarakter.
Begge eksamenane må vera bestått for å få fullført emne.
Ved stryk på eine deleksamen treng studenten berre ta oppatt den delen han stryk i.
Hjelpemiddel ved eksamen
Programmerbar kalkulator
Meir om hjelpemiddel