Hopp til innhald

SA590 Internasjonal politikk

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei grunnleggande innføring i faget internasjonale relasjonar, og korleis økonomiske, politiske og kulturelle globaliseringsprosessar påverkar forholdet mellom statar og transnasjonale organisasjonar.

Læringsutbytte

Etter å ha fullført emnet

  • har studenten kunnskap om sentrale diskusjonar om globaliseringsprosessar i vår tid
  • har studenten kunnskap til sentrale trekk ved politisk, økonomisk og kulturell globalisering
  • har studenten grunnleggande kunnskap om internasjonale relasjonar
  • har studenten kjennskap til korleis globaliseringsprosessar kan påverke internasjonale relasjonar

  • kan studenten gjere greie for og diskutere statsvitskaplege problemstillingar om globalisering

  • kan studenten framføre ein munnleg presentasjon av ei samfunnsvitskapleg problemstilling basert på relevante forskingsbidrag

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, munnleg presentasjon og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ei individuell oppgåve etter oppgitt tema: munnleg presentasjon med tilbakemelding frå faglærar, og deretter skriftleg innlevering. Vurdering: greidd/ikkje greidd.

Vurderingsform

Todelt munnleg eksamen:
1. Munnleg presentasjon etter oppgitt oppgåvetekst.
2. Overhøyring i pensum.

Både del 1 og del 2 må vere greidd for å få ein samla greidd karakter.
Oppgåveteksten vert delt ut ei veke før munnleg eksamen.

Ved ny eksamen på grunn av stryk eller forbetring av karakter vil det bli gitt ny oppgåvetekst.