SA594 Sosiologiske perspektiv
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Emnet skal formidle ei forståing av sosiologiske perspektiv frå klassiske sosiologiske teoritradisjonar til nyare teoribidrag. Studentane får ei innføring i tradisjonell makro-sosiologi med vekt på relasjonane mellom sentrale sosiale institusjonar. Dei blir også introduserte for mikro-sosiologiske tilnærmingar gjennom studiet av sosial samhandling og sosialisering. Vidare gjev emnet ein introduksjon til nyare samfunnsvitskaplege teoriar særleg knytt til diskusjonar om aukande individualisering og kulturell frisetjing. Studentane får også ei innføring i didaktiske problemstillingar i form av tematisering av sosiologien si historie, grunnproblem, arbeidsmåtar og samfunnsmessige funksjon.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne:
Kunnskapar
- har studenten brei kunnskap om sosiologiens historie, teoritradisjonar og eigenart mellom andre human- og samfunnsvitskapar
- kjenner studenten til grunnleggjande sosiologiske omgrep (grupper, roller, relasjonar, interaksjon, institusjonar, klassar, lagdeling, etc.)
- har studenten kunnskap om førekomsten av sosiale mønster, prosessar og meiningsdanning
Ferdigheiter
- Kan kandidaten finne, vurdere og vise til sosiologiske teoritradisjonar i akademisk arbeid
- kan studenten reflektere over samfunnsprosessar frå ein sosiologifagleg ståstad
- kan studenten vurdere og justere eigne faglege arbeid i møte med ny kunnskap og nye faglege tilnærmingar
Generell kompetanse
- kan studenten formidle sentralt fagstoff og utveksle synspunkt i diskusjon om sosiologiske omgrep og teoritradisjonar
- har studenten innsikt i den allmenne samfunnsdebatten og kan utveksle erfaringar i denne med utgangspunkt i sosiologisk kunnskap
Krav til forkunnskapar
Ingen ut over opptakskrav, sjå studieplanen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, skriftleg arbeid, seminarundervisning og sjølvstudium. Faglærar vil leie seminar knytt til eksamensoppgåva og gi individuell rettleiing.
Obligatorisk læringsaktivitet
Det er obligatorisk frammøte på første ordinære undervisningsøkt. Studentar som er forhindra frå å møte til den første undervisningsøkta, må levera inn eit alternativt skriftleg arbeidskrav på 500 ord over ein oppgåvetekst og med ein tidsfrist gitt av emneansvarleg.
Vurderingsform
Individuell skriftleg heimeeksamen i 10 dagar.