SA6-406 Leiing av pedagogisk verksemd
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Emnet rettar søkelys mot leiarens arbeid med utvikling av barnehagelærarar, lærarar og barn og unge sitt læringsarbeid, kvalitetsvurdering og effektiv bruk av menneskelege og materielle ressursar. Dette skjer gjennom ei praksisnær gjennomføring av studiet. Det blir lagt vekt på refleksjon rundt eigen praksis i samspel med teoretisk forståing av sentrale, faglege tema.
Læringsutbytte
Ved avslutta emne skal studenten:
- Ha inngåande kunnskap om kva omgrep som kvalitetsvurdering og kvalitetsutvikling, samfunnsmandatet og systemisk tenking kan bety i drift og utvikling av pedagogisk verksemd
- Kunne analysere endrings- og utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass
- Ha avansert kunnskap om, og kunne leie, gruppe- og organisasjonsprosessar som tek utgangspunkt i idégrunnlag for barnehage og skule
- Kunne analysere faglege problemstillingar knytt til IKT som kunnskapssystem i offentlege verksemder
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Samlingane er i hovudsak prosessretta der det blir veksla mellom forelesingar, drøftingar og refleksjon i grupper. Undervisninga vil være relatert til teori og praksiserfaringar. Det blir føresett at studentane deltek aktivt i samband med utarbeiding av tekst som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass. Studentane blir organisert i formålstenlege grupper som skal jobbe saman undervegs i studiet.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav 2: Det skal utarbeidast 4 korte (6-800 ord) refleksjonsnotat mellom samlingane, og eit individuelt notat som drøftar eigen læringsprosess med utgangspunkt i læringsutbyte for emnet og relevant teori. Maksimalt 1000 ord.
Sjå studieplanen for meir informasjon om korleis arbeidskrava er bygd opp gjennom heile utdanninga.
Vurderingsform
Mappe som innheld eitt arbeid:
Individuell eller gruppeoppgåve som handlar om leiing og utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass. Tilrådd omfang maks 6000 ord.
Bokstavkarakter. Ved stryk eller forbetring kan omarbeidd tekst leverast innan gitte fristar.