SA6-410 Politikk, styring og endring i utdanningssektoren
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje studentane kunnskap om bakgrunnen for og utforminga av utdanningspolitikken og kunnskap om det norske utdanningssystemet som iverksettingsorgan for utdanningspolitikk. Emnet tek opp teoriar om styring, utforming og iverksetjing av offentleg politikk og politikkutforming i fleirnivåsystem, og korleis dette dannar ein kontekst for leiarar og leiarskap i utdanningsorganisasjonar. Søkjelyset blir retta mot aktuelle utdanningspolitiske spørsmål i barnehage, grunnutdanning og høgare utdanning. Eit institusjonelt perspektiv blir brukt for å analysere endring, omstilling og reformer i offentleg sektor spesielt og utdanningssektoren generelt. Stortingsmeldingar og offentlege utgreiingar er sentrale kjelder.
Læringsutbytte
Etter avslutta emne skal studenten:
ha kunnskap om offentleg politikk, korleis den blir utforma og sett i verk, og kunne bruke denne kunnskapen for å analysere offentleg politikk generelt og utdanningspolitiske spørsmål spesielt
kunnskap om organisasjonar og offentleg forvaltning som institusjonar og kunne bruke relevante teoriar og omgrep for å analysere endring, omstilling og reformer i offentleg sektor generelt og i utdanningssektoren spesielt
ha avansert kunnskap om reformer og ulike styringsideologiar og kunne bruke denne kunnskapen for å analysere sentrale utviklingstrekk i utdanningssektoren og drøfte korleis dette påverkar konteksten for leiing og profesjonsutøving i sektoren
med utgangspunkt i ovannemnde kunnskapar og ferdigheiter skal studentane ha generell kompetanse i å analysere konteksten for leiing og profesjonsutøving i offentleg forvaltning generelt og leiing og profesjonsutøving i utdanningssektoren spesielt
Krav til forkunnskapar
Sjå generelle opptakskrav i studieplanen.
Undervisnings- og læringsformer
Forelesingar, gruppearbeid og caseoppgåver. Individuell rettleiing i utarbeiding av eksamensoppgåve.
Obligatorisk læringsaktivitet
Arbeidskrav nr. 5: fem læringsnotat: fire korte notat (800-1200 ord) utarbeidde mellom samlingane og ein litt større tekst der studenten drøftar eigen læringsprosess (2000- 3000 ord).
Det blir gitt nærare informasjon om innhald i arbeidskrava. Sjå studieplanen for meir informasjon om korleis arbeidskrava er bygd opp gjennom heile utdanninga.
Vurderingsform
ME Mappe som inneheld eitt arbeid
Oppgåve om utdanningspolitiske spørsmål og/eller utfordringar der studenten nyttar relevante teoriar og omgrep frå emnet. Oppgåva skal løysast individuelt eller i gruppe på 2 ¿ 3 studentar (6000-7000 ord). Omfanget blir utvida dersom oppgåva er eit gruppearbeid.
Bokstavkarakter. Vurdering ut frå gitte kriterium.
Ved stryk eller forsøk på forbetring av karakter kan omarbeidd oppgåve/notat bli levert inn.