Hopp til innhald

SA600 Historie før 1700: Frå antikken til den vitskaplege revolusjonen

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet startar opp med dei eldste kulturane for så å gå over til bystatane Hellas og Roma. Nedgangen for romarriket førte til framveksten av føydalvesenet. Eit av dei meir karakteristiske draga som kjenneteiknar overgangen mellom mellomalderen og nytid, er endringane frå desentralisert til sentralisert makt og innføring av einevelde. Den vitskaplege revolusjonen og den politiske, økonomiske, sosiale og kulturelle utviklinga i Europa blir sett i samanheng med utviklinga andre stader, som den muslimske verda og Kina. Den europeiske ekspansjonen i andre delar av verda, som i Amerika, blir også tematisert. I norsk historie vil det bli lagt vekt på overgangen frå eit høvdingsamfunn og fram mot ei sentralmakt og den påfølgjande unionen med Danmark. Utviklinga i Noreg vert sett i høve til utviklinga på kontinentet både når det gjeld økonomiske, sosiale og politiske forhold.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Studenten¿

  • har brei realhistorisk kunnskap om utviklinga frå dei eldste kulturane og fram til 1700, i norsk historie frå vikingtida og fram til og med etableringa av eineveldet
  • har kjennskap til ulike faglege perspektiv på perioden
  • har inngåande kjennskap til endringsprosessar i samfunnet over korte og lange tidsspenn
  • har kunnskap om økonomisk, vitskapleg og teknologisk utvikling, og om sosiale og kulturelle endringar over tid
  • kan gjere greie for den politiske, militære og administrative utviklinga i perioden
  • kan gjere greie for utviklinga innan jordbruk, handel/byutvikling og religion i perioden
  • kan forklare drivkrefter bak og konsekvensar av den europeiske oversjøiske ekspansjonen og diskutere kulturmøte, sett frå ulike perspektiv

Studenten ¿.

  • kan forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme tidlege samfunn
  • kan anvende, problematisere og reflektere over sentrale fagomgrep som brot og kontinuitet i historia
  • kan finne fram, vurdere og gjere seg nytte av historiske kjelder og relevant litteratur på ein kritisk og medviten måte
  • kjenner til korleis historikarar nyttar ulike modellar og omgrep for å forstå og forklare kvifor samfunn utvikla seg ulikt

Studenten ¿..

  • kan skrive tekstar om historiefaglege tema etter definerte vitskaplege kriterium basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
  • kan formidle sentralt historisk fagstoff munnleg i diskusjonar og presentasjonar
  • kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
  • kan tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminarundervisning, munnleg framlegging og individuelt arbeid.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, vekting 50%

Mappeoppgåve, vekting 50%

Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen. Ved stryk på mappe skal omarbeidd tekst leverast