Hopp til innhald

SA601 Historie 1700-1914: Frå opplysningstida til fyrste verdskrigen

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet byrjar med dei varierande statssystema i Europa og det globale økonomiske systemet som hadde Europa som sentrum. Framveksten av ein moderne norsk nasjonalstat vil bli nytta som inngang for å forstå ein generell utvikling i den vestlege verda med nasjonsbygging og demokratisering. Dette skjedde i mange samfunn i perioden parallelt med industrialisering, urbanisering og migrasjon som stod sentralt i djuptgripande moderniseringsprosessar i samfunnet. Dette var ein prosess som både hadde økonomiske, politiske, sosiale og kulturelle sider. Det imperialistiske verdssystemet nådde høgdepunktet mot slutten av perioden.

Læringsutbytte

Studenten..

  • har brei realhistorisk kunnskap om sentrale hendingar, samfunnsstrukturar, idear og prosessar i norsk, europeisk og global historie frå 1700 til første verdskrigen
  • kan gjere greie for opplysningstida og dei amerikanske og franske revolusjonane
  • kan gjere greie for den fyrste og andre industrielle revolusjonen
  • kan forklare sentrale omgrep som nasjonalisme og imperialisme og gjere greie for den europeiske dominansen
  • har kunnskap om slaveri, liveigenskap og personleg fridom
  • har kunnskap om dei store vitskaplege gjennombrota frå Darwin til Einstein
  • kan gjere greie for utbygging av infrastruktur, globale handelssystem og gjennombrotet for massemedia
  • har kjennskap til ulike faglege perspektiv på perioden
  • har inngåande kjennskap til endringsprosessar i samfunnet over korte og lange tidsspenn

  • kan anvende, problematisere og reflektere over sentrale fagomgrep som brot og kontinuitet i historie
  • kan forklare korleis naturressursar og teknologisk utvikling har vore med på å forme moderne samfunn
  • kan finne fram, vurdere og gjere seg nytte av historiske kjelder og relevant litteratur på ein kritisk og medviten måte
  • kjenner til korleis historikarar nyttar ulike modellar og omgrep for å forstå og forklare kvifor samfunn utvikla seg ulikt

  • kan skrive tekstar om historiefaglege tema etter definerte vitskaplege kriterium basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
  • kan formidle sentralt historisk fagstoff munnleg i diskusjonar og presentasjonar
  • kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
  • kan tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, seminarundervisning, munnleg framlegging og individuelt arbeid.

Obligatorisk læringsaktivitet

Studenten skal skrive ei oppgåve med tilbod om rettleiing. Oppgåva må vere greidd for å gå opp til eksamen.

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 4 timar, vekting 50%

Mappeoppgåve, vekting 50%

Dersom ein del av eksamen ikkje er greidd, tek ein ny eksamen i den delen. Ved stryk på mappe skal omarbeidd tekst leverast