SA602 Historie etter 1914: Frå verdskrigar til verdsvev
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Emnet gir studentane eit samanhengande oversyn i norsk, europeisk og global historie frå første verkskrigen til kring år 2000. Det vektlegg dei sentrale trekka i den politiske og økonomiske historia, men også sosial- og kulturhistoriske endringar. Særleg vekt blir lagt på å forstå utviklinga av kapitalistisk økonomi og demokratiske styresett, og fascisme og kommunisme som totalitære alternativ. Utviklinga av det internasjonale statssystemet gjennom verdskrigane og den kalde krigen står sentralt. Emnet beskriv Noregs veg frå industri og sosialdemokratisk gjennombrot til oljeeventyr og velferdsstat, og dei store sosiale og kulturelle endringane som følgde med.
Læringsutbytte
Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Studenten¿
- har brei realhistorisk kunnskap om utviklinga i Noreg, Europa og verda elles mellom 1914 og 2000
- har kjennskap til ulike faglige perspektiv på perioden si historie
- kan gjere greie for sentrale hendingar i perioden, som t. d. verdskrigane
- kan gjere greie for utviklinga innan teknologi, industri, og økonomi, frå Fordisme via atomvåpen og romfart til digitalisering
- kan drøfte utviklinga og betydninga av ulike ideologiar, som liberalisme, sosialdemokrati, kommunisme, og fascisme
- kan drøfte utviklinga av demokratiet i Noreg og verda elles, og avkoloniseringa i Afrika og Asia
- kan drøfte utviklinga av moderne velferdsstatar og europeisk integrasjon i tida etter andre verdskrigen
- kan drøfte den nyliberale vendinga i Noreg og andre land etter 1980 i lys av veksten i internasjonal handel og investeringar
Studenten¿
- kan finne og gjere seg nytte av historiske kjelder og relevant litteratur på ein kritisk og medviten måte
- kjenner til korleis historikarar nyttar ulike modellar og omgrep for å forstå og forklare sentrale hendingar og utviklingstrekk i det 20. hundreåret
- kan reflektere over dei etiske sidene ved historiske hendingar som krig og folkemord
- kan anvende historiske kunnskap til å forstå verda i dag
Studenten¿
- kan skrive ein tekst om eit historiefagleg tema etter definerte vitskaplege kriterium og basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
- har innsikt i farane ved å manipulere historia for historiske formål
- kan formidle historisk fagstoff munnleg i diskusjonar og presentasjonar
- kan bruke sin kunnskap om store historiske innovasjonar til å forstå innovasjonsprosessar i dagens og framtidas samfunn
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar, seminarundervisning og individuelt arbeid.
Obligatorisk læringsaktivitet
Studenten skal skrive ei oppgåve med tilbod om rettleiing. Oppgåva må vere greidd for å gå opp til eksamen.
Vurderingsform
Skriftleg eksamen, 4 timar.