Hopp til innhald

SA603 Historia i samfunnet

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet gir studentane ei grunnleggjande innføring i korleis historie er til stades og blir brukt i samfunnet. Historie blir brukt til ulike føremål, både til identitetsskaping, underhaldning og politiske og kommersielle føremål. Omgrep som minne, mytar, historiemedvit og identitet står sentralt i studiet av historiebruk. Den teoretiske innføringa vil ta utgangspunkt i korleis historie har vore brukt og blir brukt i konkrete situasjonar, og det vil stå sentralt å sjå på kva kunnskaps- og kjeldegrunnlag ulike former for historiebruk vil ha.

Læringsutbytte

Ein student med fullført emne skal ha følgande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

  • kan gjere greie for ulike former for historiebruk
  • kan drøfte korleis ulike former for historiebruk har prega samfunnet
  • kan gjere greie for hovudprinsippa i vitskapleg handsaming av kjelder

  • kan gjere ein enkel historiebruksanalyse av kva føremål, kjeldetypar, kunnskapsgrunnlag og tilhøve til historiefaget som pregar ulik bruk av historie
  • kan reflektere over korleis historie blir brukt til identitetsskaping
  • kan nytte metodisk innsikt til å kritisk vurdere historisk formidling

  • kan skrive ein tekst om eit historiefagleg tema etter definerte vitskaplege kriterium og basert på dei nyaste fagteoriane og problemstillingane
  • kan vurdere korleis historie blir brukt av kulturinstitusjonar, bedrifter, offentlege institusjonar og media.
  • kan reflektere over dei etiske sidene ved ulike former for historiebruk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, ei mappeoppgåve med tilbod om rettleiing, seminarundervisning, ekskursjon og sjølvstudium.

Obligatorisk læringsaktivitet

Deltaking på obligatoriske aktivitetar.

Vurderingsform

Justerande munnleg eksamen. Munnleg eksamen tek utgangspunkt i mappeoppgåva.