SK170 Rettleia praksis i sjukeheim
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Kliniske studium relaterte til pasientar som mottek sjukepleie i sjukeheim og deira pårørande.
Læringsutbytte
Studenten:
- kan identifisere grunnleggande behov, føreslå tiltak, følgje opp og evaluere sjukepleie til eldre pasientar
- kan utøve grunnleggande sjukepleie og grunngje handlingar med kunnskap frå mikrobiologi, anatomi, fysiologi, biokjemi og sjukdomslære
- kan dokumentere og formidle gjennomført sjukepleie munnleg og skriftleg i relevante dokumentasjonssystem
- kan bruke korrekte arbeidsstillingar og forflyttingsteknikk
- har grunnleggande ferdigheiter i medikamenthandtering og kan administrere medikament til primærpasient under rettleiing
- kan planlegge, prioritere og gjennomføre sjukepleie til den enkelte pasient sjølvstendig og i samarbeid med andre
- kan informere, rettleie og undervise pasientar, pårørande, studentar og medarbeidarar
- har kunnskap om forskingsarbeid knytt til pasientar i sjukeheim
- kan utøve sjukepleie i tråd med faget sitt verdigrunnlag: Kan syne respekt for pasienten sin autonomi og integritet, og legge det til grunn i kommunikasjon og utøving av sjukepleie
- har eit reflektert forhold til eigne kunnskapar, haldningar og ferdigheiter og tek rettleiing
Krav til forkunnskapar
Eitt av emna i SK 160 og SK 161, arbeidskrava i emne SK 169 samt medikamenttest SK 199 og øving i førstehjelp må vere greidd før start i emne SK 170.
Undervisnings- og læringsformer
studentaktive læringsformer for å integrere og gjere seg nytte av kunnskap i praksis erfaringslæring med refleksjon, rettleiing individuelt og i grupper skriftleg arbeid
Obligatorisk læringsaktivitet
Eitt individuelt skriftleg arbeid Registrering av ADL-status hos pasientar med framlegg for personalet Deltaking på klinikkdag med fokus på etisk refleksjon Deltaking på klinikkdag med fokus på sjukepleieplan
Vurderingsform
Rettleia praksis i sjukeheim. Greidd/ikkje greidd