Hopp til innhald

SOS5-106 Sosialt arbeid - grunnlagskunnskap

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet skal gje studentane forståing for sosialt arbeid si historie og utvikling, både i ein norsk og ein internasjonal kontekst. Emnet gjev kunnskap om kva som er sentralt for forståinga av sosialt arbeid som fag og yrke. Studentane får kunnskap om sentrale omgrep i faget og vert kjende med ulike analytiske omgrep innan faget. Tema i undervisninga i sosialt arbeid er mellom anna historikk, verdigrunnlag, ulike teoriar og kunnskapsgrunnlag, forsking innan fagfeltet, relasjonskunnskap, samt sosialt arbeid sin plass og relevans i samfunnet. Førelesinger og ferdigheitstrening i relasjonskompetanse vert vektlagd, samt arbeid med haldningar og verdiar. Emnet skal gje studentane forståing for betydninga av relasjonsbygging generelt, og spesielt mellom sosialarbeidar og brukar. Gjennom praktiske øvingar og refleksjon får studentane auka bevisstheit om eigen relasjonskompetanse. Emnet gjev forståing for korleis ulike fagdisiplinar, samt politikk og økonomi påverkar utvikling av og rammebetingelsar for sosialt arbeid. Temaene innan felles læringsutbyte er samfunnsfag, juss, etikk og psykologi, sosiologi og tverrprofesjonell samarbeidslæring. Tverrprofesjonell samarbeidslæring er gjennomgåande for heile studiet. Det vert etablert grupper frå dei tre profesjonsutdanningane som i dette emnet samarbeider om temaet yrkesetiske problemstillingar. Formidling av kunnskap, både skriftleg og munnleg vert vektlagt gjennom heile emnet. Studentane får skrivekurs og undervisning om kildesøk. Skrivekurset vert knytt til ei skriftleg oppgåve med obligatorisk innlevering.

Læringsutbytte

Felles læringsutbytte for barnevern, sosialt arbeid og vernepleie

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap

  • Har brei kunnskap om den norske velferdsstatens historie, dagens velferdsmodell og kunnskap om menneskerettane sin plass i velferdsstaten.
  • Kjenner til grunnleggjande etiske omgrep, har brei kunnskap om menneskerettane og yrkesetiske retningslinjene som gjeld for profesjonen.
  • Har brei kunnskap om forvaltninga, verdigrunnlaget forvaltninga byggjer på og oppgåvedeling mellom dei ulike nivåa. Kunnskap om det rettslege grunnlaget for offentleg forvaltning, regjeringa si instruksjonsmynde og organisering.
  • Har kunnskap om og kan gjera greie for grunnleggjande psykologiske omgrep og tenkemåtar.
  • Har kunnskap om, og kan gjere greie for grunnleggjande sosiologiske omgrep og forståingar.
  • Har kunnskap om og kan gjere greie for sentrale vitskapsteoretiske problem og vitskapsfilosofiske retningar, samt gjere greie for kjenneteikn ved forsking og vitskapelig kunnskap.

Ferdigheiter:

  • Kan anvende sin kunnskap om tverrfagleg samarbeid, gjennom arbeid i tverrprofesjonelle studentgrupper.
  • Kan anvende fagleg kunnskap frå dei ulike tema gjennom arbeid med ei teoretisk problemstilling.

Studiespesifikke læringsutbytte:

Etter gjennomført emne har/kan studenten:

  • Kunnskap om sosialt arbeids historie, verdigrunnlag og samfunnsmandat.
  • Kjennskap til sosialt arbeid som forskningsfelt.
  • Kunnskap om kva som kjenneteiknar profesjonell kommunikasjon og forståing for kva slags faktorar som påverkar personleg profesjonalitet.
  • Kunnskap om betydninga av kjønn i mellommenneskelig samhandling.
  • Kunnskap om etnisitetsomgrepet, om ulike kulturomgrep samt migrasjonsprosessar
  • Kunnskap om dei yrkesetiske retningslinjene som gjeld for profesjonen.

Ferdigheit:

  • Kan planlegge og forberede en samtale med bruker
  • Kan anvende relevante kjelder i skriftlig arbeid
  • Kan samhandle med medstudenter

Generell kompetanse:

  • Kunnskap om og forståing for ulike kunnskapsformer og modellar og korleis desse har påverka/og påverkar faget.

Tilrådde forkunnskapar

Opptakskravet

Undervisnings- og læringsformer

Det vert nytta ulike undervisnings- og læringsformer i emnet: Førelesingar, seminar, arbeid i gruppe, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, ferdigheitstrening, digitale verktøy. Studentaktive læringsformer vert vektlagt. Biblioteket gjev opplæring i informasjonsinnhenting og kjeldebruk.

Obligatorisk læringsaktivitet

  • Obligatorisk deltaking i skriveseminar og oppgåveskriving knytt til undervisinga
  • Fleirfagleg arbeid med munnleg framlegging (TPS)
  • Det vert gjeve ei skriftleg tilbakemelding på skriftleg oppgåve
  • Obligatorisk deltaking i undervisning og øvingar i temaet relasjonskompetanse og kommunikasjon
  • Deltaking og etterarbeid i samband med forskingsdagane.
  • Til mappeeksamen: Deltaking i tre timar rettleiing i grupper, samt innlevering av tekst i forkant av kvar rettleiing

Alle arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsform

Mappeeksamen. Vekting 50 %

Dersom kandidaten får karakteren F på mappeeksamen, kan han/ho levere revidert utgåve av same oppgåve ved et nytt eksamensforsøk. Dersom kandidaten får karakteren F ved andre forsøk skal det levers en helt ny oppgåve med ny problemstilling.

SK: Skriftleg skuleeksamen, 6 timar. Vekting 50 %

Bokstavkarakterar