SOS5-107 Sosialt arbeid i velferdstenestene
Emneplan for studieåret 2017/2018
Innhald og oppbygging
Emnet skal gje studentane grunnleggande kunnskapar om velferdstenestenes oppbygging og funksjon i samfunnet, med hovudvekt på Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV). Emnet skal gje studenten kunnskap om kompleksiteten i sosialt arbeid, og korleis ulike fagdisiplinar vert integrert i profesjonsutøvinga. Både individ- og samfunnsperspektivet vert vektlagd i emnet. Sosialtenesteloven, folketrygdloven og forvaltningsretten er sentrale lovverk i emnet. Delar av undervisninga vert gjeve saman med barnevern og vernepleie. Tverrprofesjonelt tema er barn og unges levekår.
Læringsutbytte
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:
- har kunnskap om, og kan gjere greie for generell psykologi, utviklingspsykologi og sosialpsykologi
- har kunnskap om, og kan gjere greie for tverrprofesjonelle bidrag for å sikra barn og unge sine levekår
Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:
Kunnskap:
- Kunnskap om arbeids- og velferdsforvaltninga sin oppbygging, lovgrunnlag, mandat og rolle
- Kunnskap om velferdssamfunnets ulike institusjoner
- Kunnskap om arbeidslinja, arbeidsmarkedspolitikk og korleis sosialpolitikk påvirker betingelser for sosialt arbeid i velferdsforvaltningen
- Kunnskap om kva som kjenneteikner dagens arbeidsliv og arbeidsmarknad
- Kunnskap om aktuelle lover
- Kunnskap om gjeldsproblematikk og økonomisk rådgivning
- Kunnskap om konsekvenser av å leve i fattigdom
Ferdigheter:
- kan analysere sosiale problem på individ gruppe og samfunnsnivå
- kan utøve faglig skjønn i saksbehandling
- kan anvende både sosialfaglig og juridisk relevant kunnskap i sakshandsaminga
- kan samtale med og møte ulike brukergrupper med empati og respekt
- kan vise kultursensitivitet og trussensitivitet i møte med andre
- kan bruke ulike kartleggingsverktøy velferdstjenesten rår over
Generell kompetanse
- Kan reflektere over eiga fagutvikling i møte med brukarar og samarbeidspartar
- Har kjennskap til forsking innen fagområdet
Krav til forkunnskapar
Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet SOS5-106 Sosialt arbeid - grunnlagskunnskap
Undervisnings- og læringsformer
Det vert nytta ulike undervisnings-og læringsformer i emnet: førelesingar, seminar, rettleiing, munnleg og skriftleg framstilling, individuelt arbeid, gruppearbeid og ferdighetstrening med video. Bruk av munnleg presentasjon og responsgrupper vil vere ein del av læringsformene. Studentane skal skrive saksutredning der dei anvender flerfaglig kunnskap med hovudvekt på sosialfagleg og juridisk kunnskap. Studentane får tilbakemelding på to skriftlige oppgåver som inngår i en mappeeksamen.
Obligatorisk læringsaktivitet
- Obligatorisk deltaking i undervisning og øvingar i dokumentlære og sakshandsaming
- Obligatorisk deltaking i undervising og ferdigheitstrening i modellar/perspektiv i sosialt arbeid
- Obligatorisk deltaking i undervisning og øvingar i temaet relasjonskompetanse
Alle arbeidskrav må vere greidd før ein kan framstille seg til eksamen
Vurderingsform
4 timars skuleeksamen. Vekting 50 %
Mappeeksamen. 50 % vekting. Mappa inneheld to oppgåver, begge oppgåver må være greidd for å få greidd eksamen. Dersom kandidaten får karakteren F på mappeeksamen, kan han/ho levere revidert utgåve av same oppgåve ved et nytt eksamensforsøk. Dersom kandidaten får karakteren F ved andre forsøk skal det levers en helt ny oppgåve med ny problemstilling.
Ved forbetring av karakter tek ein heile emnet på nytt.
Bokstavkarakterar