Hopp til innhald

SOS5-205 Praksis og refleksjon i sosialt arbeid

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Emnet er to-delt, og inneheld 16 veker klientretta praksis og ein studiespesifikk del med etterfølgjande eksamen. Etter avslutta praksis skal studenten ha undervisning i ulike tema der brukerinvolvert refleksjon over yrkesroller, praksis og teori blir vektlagt. Studentane legg frem erfaringar frå praksis under rettleiing av faglærarar. Fokus blir refleksjon knytt til ulike teoretiske perspektiv og studentane sine erfaringar frå praksis. I tillegg vil denne delen av emnet sette fokus på sosialt arbeid, formidling og påverknad. Studentane skal tileigne seg sosialpolitisk forståing og kunnskap om levekår og livskvalitet for utsette grupper og kunne kommunisere om kritikkverdige forhold. Media er en sterk aktør som formidlar både personlege historier og kritikkverdige forhold i sektoren. I emnet får studentane kjennskap til korleis dei kan bruke medier som ein informasjonskanal og kanal for offentlig debatt.

Under praksisrefleksjonen skal studenten rette fokus på si eiga yrkesrolle og identitet. Studenten skal reflektere kritisk over erfaringar i praksis, eigen kunnskap ein har tileigna seg, samstundes som ein skal vere kritisk til eigen praksis.

Læringsutbytte

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap:

  • kunnskap om korleis helse- og sosialhjelpeapparatet er organisert og fungerer
  • nytte juridisk kunnskap i arbeidet

Ferdigheiter:

  • gje munnleg og skriftleg framstilling av faglege problemstillingar som knyter teori til praksis
  • evne til å samle, skrive og tolke relevante dokument på ein fagleg og sakleg måte
  • skilje mellom personlege, private og faglege verdiar, og utføre arbeidet på ein etisk forsvarleg måte.

Generell kompetanse:

  • arbeide sosialfagleg med brukarar i ulik kontekst
  • gjere kritisk refleksjon over innsamla informasjon og nytte fleire fag frå studie
  • vise evne til refleksjon over eigne haldningar og arbeidet ein utfører
  • arbeide systematisk med fokus på brukarane sine ressursar og val
  • identifisere, forstå og analysere sosiale problem og iverksette relevante tiltak
  • analysere og gjere sjølvstendige faglege vurderingar og grunngi desse

Etter gjennomført emne har/kan kandidaten:

Kunnskap

  • kunnskap om korleis sosialpolitikken påverkar råmene for prioriteringar i velferdstenestene og råmebetingelsar for utøvinga av sosialt arbeid

Ferdigheit:

  • reflektere over eigen fagleg ståsted
  • diskutere mediers rolle i det sosialfaglege feltet og ha kjennskap til media som både informasjonskanal og debatt kanal
  • eit reflektert forhold til og kunne diskutere digitale informasjonskanalar
  • diskutere sosialpolitiske og sosialfaglege problemstillingar med kritisk blikk
  • formidle fagleg kunnskap i ulike fora
  • utvikla fagleg forståing for utfordringar i yrkesutøvinga

Generell kompetanse:

  • reflektere over ressursar, mulegheiter og utfordringar i møtet med både brukargrupper og ulike aktørar i feltet

Krav til forkunnskapar

Alle emne frå første studieåret må vere greidde. Studenten må ha opparbeidd seg eksamensrett i emnet Sosialt arbeid - normalitet og avvik og i emnet Kommunalt barnevern

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing, seminar, gruppearbeid, skriftleg og munnleg framlegging, individuelt studium og klientretta praksis og eiga yrkesretta arbeid på praksisplass under rettleiing frå praksisfeltet og kontaktlærar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Obligatorisk deltaking i undervisning i:

  • Førebuing til praksis
  • Etterarbeid frå praksis
  • Undervisning, gruppearbeid og ferdigheitstrening i praksisrefleksjon
  • Praksisoppgåve med ei skriftelg tilbakemelding
  • Refleksjonsoppgåve over erfaringar med si eiga rolle og samarbeidspartar i det tverrfaglege samarbeidet

Vurderingsform

4 timars skuleeksamen med bokstavkarakter

Vurdering av praksis: Praksisen vert vurdert som greidd / ikkje greidd

I praksis vert studenten vert vurdert på grunnlag av:

  • Krav til nærvær på praksisplassen
  • Praksisperioden er obligatorisk og fråver vert berre godteke i samband med sjukdom. I praksisperioden er maksimumsgrensa for fråver 10 dagar. Fråver utover dette må avtalast med høgskulen og praksisplassen. Det må også avtalast når og på kva måte eit eventuelt fråver over 10 dagar skal takast att. Dersom praksisopplæringa er delt i 2 periodar, må den første perioden vere fullført og godkjent før neste praksisperiode tek til.
  • Normer og reglar i arbeidslivet. Studenten skal vise respekt for normer og reglar i arbeidslivet og opptre i samsvar med desse.

GODKJENNING
Praksisrettleiar tilrår praksis godkjent/ikkje godkjent. Høgskulen vurderer arbeidskrav og avgjer endeleg godkjenning/ikkje godkjenning av praksis. Ved vurdering av praksis nyttast karakteren greidd/ikkje greidd.

VURDERING UNDERVEGS - TVIL OM GODKJENNING
"Studenten har krav på vurdering underveis i praksisstudiene, og skal halvveis eller seinest 3 uker før avsluttet praksisperiode få skriftlig melding dersom det oppstår tvil om godkjenning. Meldingen skal angi hva studenten ikke mestrer, og hvilke krav som må oppfylles for å bestå praksisstudiene." "Studenten må ha bestått praksisstudiene for å kunne fortsette studiene.." (Utdrag frå Rammeplanen, fastsett 01.12.2005)

Om studenten i slutten av praksisperioden visar handling/åtferd som openbert ikkje gjev grunnlag for å bestå praksis, kan studenten likevel få karakteren ikkje greidd sjølv om tidlegare melding om tvil ikkje er gjeve.