Hopp til innhald

SØ6-1000 Samfunnsøkonomi makro

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

  • målsettingar for den økonomiske politikken
  • nasjonalrekneskap. Sentrale makroøkonomiske omgrep, indikatorar og samanhengar
  • dei ulike komponentane som utgjer BNP
  • makroøkonomisk politikk (penge- og finanspolitikk)
  • økonomisk vekst
  • BNP som velferdsmål
  • prisindeksar
  • valutakursar
  • ulike typar arbeidsløyse
  • pengar, valuta og inflasjon
  • kjøpekraftsparitet
  • kvantitetsteorien
  • renteparitet
  • kostnader ved inflasjon
  • tilbod og etterspurnad i varemarknaden
  • tilbod og etterspurnad i pengemarknaden
  • IS-MP-modellen for ein open økonomi: Likevekt i vare- og pengemarknaden.

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan studenten:

  • forstå årsakene til og verknadene av konjunktursvingingar på produksjon og sysselsetjing og korleis styresmaktene kan nytta penge- og finanspolitikk for å jamne ut konjunktursvingingar
  • vite kva ein inntektsmultiplikator er
  • forstå korleis endringar i etterspurnaden i ein del av økonomien får ringverknader for resten av økonomien
  • vite skilnaden på ulike typar arbeidsløyse og samanhengane mellom arbeidsløyse og inflasjon
  • forstå årsakene til økonomisk vekst
  • finne aktuell makroøkonomisk statistikk m.a. i Nasjonalrekneskapen
  • ved hjelp av makroøkonomiske modellar kunne vise korleis styresmaktene kan påverke aktivitetsnivået i økonomien
  • sjå samanhengen mellom institusjonar i arbeidsmarknaden og makroøkonomien sin funksjonsmåte
  • vere i stand til å følgje med i media og diskusjonar om samfunnsøkonomiske emne
  • gjere greie for sentrale makroøkonomiske omgrep
  • analysere makroøkonomiske problemstillingar ved hjelp av matematiske og grafiske presentasjonar av makroøkonomiske modellar
  • analysere korleis ulike former for makroøkonomisk politikk påverkar sentrale makroøkonomiske storleikar i opne økonomiar

Krav til forkunnskapar

Tilrådde kunnskapar er ME6-1000 Matematikk for økonomar eller tilsvarande.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar med gjennomgang av teori og oppgåver

Vurderingsform

Skriftleg skuleeksamen, 3 timar. 30%

Skriftleg slutteksamen, 4 timar. 70%

Bokstavkarakter.
Begge eksamenane må vera bestått for å få fullført emne.

Ved stryk på eine deleksamen treng studenten berre ta oppatt den delen han stryk i.

Hjelpemiddel ved eksamen

Programmerbar kalkulator

Meir om hjelpemiddel