Hopp til innhald

SØ6-1001 Samfunnsøkonomi mikro

Emneplan for studieåret 2017/2018

Innhald og oppbygging

Produksjonsteori, konsumentteori, marknadsteori, effektiv ressursbruk og informasjonsproblem.

Læringsutbytte

Etter fullført emne kan studenten:

  • forstå grunnleggjande mikro- og marknadsteori
  • kjenne til korleis ulike former for økonomisk politikk verkar på dei einskilde aktørane si økonomiske åtferd og korleis den økonomiske politikken påverkar prisar, produksjon og samfunnsøkonomisk effektivitet
  • framstille og forklare konsumentane sine beslutningar basert på preferansar, prisar og inntekt
  • framstille og forklare produsentane sine beslutningar basert på teknologi og faktorprisar
  • vise og forstå korleis samspelet mellom konsumentar og produsentar skaper ei marknadslikevekt
  • analysere marknadslikevekta i ulike konkurransesituasjonar
  • forstå korleis endringar i produksjons- eller forbrukarbeslutningar i ein del av økonomien påverkar økonomiske beslutningar i andre delar av økonomien
  • drøfte kriterium for økonomisk effektivitet, og analysere samanhengen mellom marknadslikevekt og effektivitet
  • analysere situasjonar kor marknadslikevekta ikkje er effektiv, og kva styresmaktene kan gjere for å bidra til auka effektivitet

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar er ME6-1000 Matematikk for økonomar og BØ6-1002 Investering og finansiering, eller tilsvarande

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og oppgåveseminar

Obligatorisk læringsaktivitet

Inntil to skriftlege arbeidskrav som skal løysast individuelt eller i gruppe.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Bokstavkarakter.

Hjelpemiddel ved eksamen

Programmerbar kalkulator

Meir om hjelpemiddel